Forsking og utvikling

I tillegg til nedarva kunnskap i generasjonar har bedrifter og organisasjonar i regionen eit unikt og tett forhold til Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking, som begge har lang erfaring med FoU-arbeid knytt til fysisk aktivitet, friluftsliv og helse, entreprenørskap og innovasjon, økonomi og reiseliv.

Begge FoU-institusjonane har i utviklinga av nettverket hatt nært samarbeid med University of Highlands and Islands (UHI) i Skottland for den vidare utviklinga av bedriftsnettverket.