Klima for mat

I generasjonar har folk i Sogn utnytta ressursane  i naturen. Sauene vart sendt på utmarksbeite, med ferskt gras som følgjer snølina i fjella. Dette gav kjøt av beste kvalitet , og landbruket har bygd opp ein unik natur - og landbrukskompetanse, nedarva i generasjonar. 

Bedriftene produserer mat tufta på tradisjon, kvalitet og samspel med naturen kring dei, ofte med hovudvekt på vilt om hjort og villrein, og husdyr som haustar av kulturlandskapet og høgfjella i Sogn med hovudvekt på lam og sau, geitekje og griser.

Samarbeid og innovasjon

Nettverket sogn.no skal utvikle samarbeidet og gjennom det drive fram sunne mat-innovasjonar gjennom produktutvikling, dokumentasjonsarbeid, pakking og nye distribusjonsformer i marknaden for utandørs sunn livsstil.

Nettverksbedrifter: 

Lærdal grønt

Bestebakken

Haugen gardsmat