sogn - region for sunn og aktiv livsstil

Kommunane i Indre Sogn (Sogndal,Balestrand, Leikanger, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Høyanger og  Vik) er eit perfekt utgangpunkt for deg som søkjer ein sunn og aktiv livsstil, enten du kjem hit som gjest eller ønskjer å slå deg ned her.

Få stader er det så kort mellom aktivitetane. Her kan du padle på Sognefjorden og gå på topptur til fots eller på ski same dagen.

Her har vi ein unik og mangfaldig fagekspertise på bruk og foredling av naturressursane. Naturkompetansen innan matproduksjon, opplevingsproduksjon, helsetilbod og forskings- og utdanningsarbeid skapar næringsmiljø for innovative idéar og nyskapande verdikjeder. 

Her finn du bedrifter som arrangerar fjellturar, produserar mat og utstyr.  Alle har ein ting til felles: nærleiken til naturen og entusiasmen for eit aktivt levesett.

Desse samarbeider no i nettverket Sogn.no. 

Satsingsområde i nettverket

Aktivitetar

Lokal mat

SGNskis_BårdBasberg_Tylderingen_AndreasHaslestad_0016.jpg

Utstyr