– Langt meir enn eit attraktivt reisemål

Det seier HR og personalrådgjevar Turid Stigen Sørensen og næringsrådgjevar Linn Janette Underdal Skarsbø i Aurland kommune.

Med ein million besøkande i året er Aurland kjend for å vera ei naturperle av dei skjeldne. Inste delen av Aurlandsfjorden med Nærøyfjorden på Unesco si verdsarvliste, frodige Aurlandsdalen, mektige Flåmsbana og historiske Rallarvegen, er vidgjetne.

I tillegg til besøkjande ynskjer dei og tilflyttarar hjarteleg velkomne.

– Me jobbar aktivt med fleire rekrutteringsfremjande tiltak, for det er vanskeleg å få tak i kvalifisert kompetanse, både i kommunale stillingar og  i dei ulike bedriftene i kommunen, fortel Turid.

Difor har dei mellom anna lansert ein ny informasjonsfilm som fortel om kommunen og syner fram næringsliv, buområde og oppvekstvilkår.

Sist veke hadde kommunen 17 ledige stillingar. No er talet nede i 10. Dei fleste stillingane er innan helse- og omsorgssektoren der dei søkjer etter fleire sjukepleiarar. Det er fleire ledige jobbar innan bu og miljø,  dei treng ein fastlege og  ein ergoterapeut.  

Aktiv rekruttering

I tillegg til informasjonsfilm blir det laga nytt informasjonsmateriell for å nå ut til potensielle tilflyttarar.

– Og når dei først kjem hit, har me og sett i gong eit prosjekt for å kunna ta godt i mot dei. Mellom anna med å hjelpa til med å finna jobb også til partnar, fortel Turid.

Frå venstre: Næringsrådgjevar Linn Janette Underdal Skarsbø saman med HR og personalrådgjevar Turid Stigen Sørensen i Aurland kommune.

Dei har begge to jobba i NAV før noverande stillingar i kommunen, og syner spesielt til eit godt samarbeid med NAV marknadsteam; ein marknadskontakt som bedrifter i Aurland, Lærdal og Årdal kan bruka for å få hjelp til å rekruttera til dei mange ledige stillingane i området.

Men før dei får bruk for det, er første steget å syna fram alt Aurland har å by på av næringsliv, butilhøve, oppvekstvilkår og fritidstilbod til potensielle tilflyttarar.

Premierte bedrifter

– Me har mykje å skryta av. I Aurland er det fleire premierte verksemder innan mat, drikke, design og arkitektur, det trur eg er noko som ikkje all veit, seier Linn Janette, tydleg stolt av næringslivet i kommunen.

The Fjords, dei tre heilelektriske katamaranane som syner fram Nærøyfjorden frå Gudvangen til Flåm har fått fleire prisar for sitt innovative design og universelle utforming.

– Alle passasjerar er likestilte på båten og er eit internasjonalt førebilete for alle som driv med passasjertransport til sjøs.

Den berømte osten frå Undredal har vunne fleire gjeve prisar, i tillegg har fleire verksemder innan mat og drikke fått velfortente utmerkingar.

– Kvit Undredal Eldgamal har gullmedalje frå Oste-VM/World Cheese Awards, og Vellagra Kvit Underdal er kåra til årets ost i konkurransen til Det Norske måltid. Ægir har vunne årets øl i konkurransen som Det Norske Måltid arrangerer. Haugen Gardsmat har fått Q-meieriet sin matreddarpris for Sognalapskausen som er laga med mål om utnytta råvarene. Dei har  tidlegare og fått Innovasjon Noreg sin Bygdeutviklingspris for verksemda si, ein pris som reiselivsverksemda 29-2 Aurland AS og har motteke.

Det stoppar ikkje der.

– Stegasteinen utkikkspunkt har fått fleire utmerkingar for flott arkitektur, mellom anna er han kåra til årets anlegg 2006, og Magasinet designcurial har kåra toalettet  ved sida av til verdas beste offentlege toalett. Me kjem heller ikkje utanom Noregs mest populære turistattraksjon. Flåmsbana er fleire gonger kåra til verdas beste togreise.

– Det er sikkert mange fleire enn det eg kjem på no i farten, smiler Linn Janett.

I tillegg er det fleire flotte hotell i reiselivskommunen, nokre har røter heilt attende til 1700 talet.

Kraft gjev mogelegheiter

Som ein av Noregs største kraftkommunar har Aurland fridom og fleksibilitet til å stimulera lokalt næringsliv og innovasjon.

– Me har eit kommunalt næringsfond som me brukar til samfunnsutvikling og næringsutvikling. Dette kan me gjera grunna kraftinntektene til kommunen. Kraftanlegget gjev mange arbeidsplassar i bygda, i tillegg til at me nyt godt av låge straumprisar, smiler Linn Janette.

Dette bidreg til at kommunen med knappe 1800 innbyggjarar er ein god plass å bu med eit rikt tilbod av bedrifter og aktivitetar.

– Aurlandsvangen har heilårsope økologisk bakeri, med aktivitet heile året og ikkje kun i dei hektiske sommarmånadane. Her er det og skofabrikk, glasblåsar, gardsbutikk i samband med den økologiske jordbruksskulen, gastropub, kyrkje, badelagune, basseng, treningstilbod, skytehall, sportsbutikk, kayakutleige, og ein jerniabutikk som har det aller meste, fortel Linn Janett.

– Me har mange tilbod til barn og unge: Fotball, handball, boksing, klatring, biletkunst, dans, symjing, treningsstudio, aerobic, musikkskule, turlag, kor, korps og spelemannslag og mange ulike friviljuge organisasjonar, seier Turid.

Med to barnehagar, to barneskular og ein ungdomsskule får borna ein god oppvekst der dei bur, uansett om dei bur  på Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen eller Vassbygdi.  

Har og plass til folk som har arbeidsplassen sin ein annan stad

– På Fjordsenteret har mellom anna Verneområdeforvaltarane arbeidsplassen sin, Sognefjord Hagebruksskule brukar lokala, i tillegg til andre grøne arbeidsplassar, fortel Linn Janette.

Vil du og bu her?

–Det er ledige tomtar og nybygde leilegheiter med fjordutsikt kringom i kommunen, fortel Turid og Linn Janette.

Lisbeth Bringebøen