I Sogndal er me vane med mykje tilflytting og utflytting
– det gjer bygda til ein plass som er ekstra open for nye menneskje, og alle er svært velkomne uansett om du er her for ein kortare eller lenger periode.
Sogndal, regionsenteret i Sogn kom på 15. plass nasjonalt i Kommune-NM 2021! Kommune-NM rangerer kommunar basert på næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Med 3. plass i fylket, rett bak Bergen, kan kommunen med 11 938 innbyggjarar smila enno litt breiare av å ha lukkast med å vera ein kommune og ei bygd som er bra å bu og jobba i.
I regionsenteret bur ein tredjedel av innbyggjarane i kommunen, og med eit tillegg på 2500 studentar i semesteret blir det liv og røre i sentrumskjernen. Studentane kjem kvart semester med mykje energi, er godt synlege i bybildet, og syter for eit vidt spekter av konsertar, quizar, uteliv og arrangement.