IT-student? Då er dette sommarjobben du helst vil ha

Vil du bruka kunnskapen og ferdigheitene dine til å utvikla teknologi for å løysa viktige samfunnsoppgåver? 

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) har lyst ut sommarjobbar for inntil åtte IT-studentar. Grip sjansen til å få testa den teoretiske kunnskapen din på reelle og praktiske utfordringar saman med erfarne og dyktige utviklarar i fagmiljøet.

– Me leverer samfunnskritiske løysingar. Om lag alle offentlege verksemder brukar løysingane våre. Innbyggjarane er avhengige av desse løysingane, og dei gjer kvardagen enklare. Me har eit spennande samfunnsoppdrag, og til det må me rekruttera gode hovud både til sommarjobbar og til faste stillingar, fortel Jørn Stenehjem, seksjonssjef Utvikling Fellesløysingar.

Digdir er regjeringa sitt fremste verktøy for raskare å samordna digitaliseringa av offentleg sektor. Med eit særleg ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar som mellom anna ID-porten og MinID.

No inviterer han deg til å vera med på DigdirCamp i Leikanger.

Unik sjanse til å få testa kunnskapen på reelle utfordringar

Jørn Stenehjem fortel om dei gode erfaringane frå DigdirCamp.

Dei åtte som blir tilsette skal løysa konkrete oppgåver gjennom heile sommaren. Tidlegare tema har eksempelvis handla om å kopla ID-porten med Internet of things (IoT), og korleis eventuelt kunne gje dingsar som Aleca frå Amazon og Google Hom tilgang til beskytta informasjon gjennom ID-porten. Ei anna oppgåve har handla om eInnsyn som handsamar stadig større mengde data, og kva alternativ som finst for å kunna møta behovet i framtida.  

Spennande, tykkjer du? Det er du ikkje åleina om.

– Me brukar få mange gode søkjarar, og det kan vera tøff konkurranse for å få ein av dei åtte stillingane. Me ser at DigdirCamp triggar studentar frå ulike IKT-retningar, og me har hatt spennande studentar frå mellom anna NTNU i Trondheim og Gjøvik, Oxford Brooks i England, Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Sørøst-Norge innom oss siste åra, seier Stenehjem.

I år er det særleg studentar innan informatikk/systemutvikling som er ynskjeleg.

– Primert ser me etter folk som alltid set brukaren først, og som samstundes vågar å tenkja utradisjonelt om strukturar og teknologi, uavhengig av spesialisering, smiler Jørn.

Kompetansemiljø for informasjonstryggleik

Med kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo vil du få treffa mange av dei over 300 engasjerte kollegane og få gode sparringspartnarar til oppgåvene studentane skal løysa, og med det eit spennande nettverk.

Gruppeleiar Sture kombinerer arbeidet med å spela i black metal-bandet Vreid,

Hjå Digdir Leikanger finn du ein av dei mest spennande arbeidsplassane i landet og dedikerte kompetansemiljø som set pris på å jobbe på tvers.

Litt redd for at det berre er kjedelege byråkratar utan utanomfaglege interesser i det offentlege? Det treng du slett ikkje vera. Møt gruppeleiar Sture som kombinerer jobben som utviklar med å turnere som gitarist med metalbandet Vreid.

Sosiale og spennande opplevingar

I tillegg til spennande faglege utfordringar legg DigdirCamp særleg vekt på at studentcampen skal gje sosiale og spennande opplevingar i hjartet av Sogn.

– Me vil at du skal ha det kjekt også utanfor arbeidstida, og me syter for felles innkvartering og tilrettelegging for fritidsaktivitetar. Det minste me kan gjera for studentane når dei kjem hit med fersk kunnskap, er å syna dei kvifor DigDir i Sogn rekrutterer så godt, forklarar Jørn.

Fjellturar i nasjonalparkar og verneområde som Jotunheimen og Breheimen, kajakkturar på Sognefjorden, stisykling på Kaupanger eller ein runde i discgolfbana, vandra på Jostedalsbreen, gjerne ein helgetur til kysten for å prøva surfing på Stadt. Og litt urbant byliv i Sogndalsfjøra med konsertar, kafè, quiz og fredagspils. Det er oppskrifta på trivsel.

Innkvartering og konkurransedyktig løn

I stillingsutlysinga kjem det fram at stillinga blir løna som konsulent (1065) i lønstrinn 43 som svarar til ei årsløn på 423 500 kr. DigdirCamp dekker også størstedelen av innkvarteringa som ligg sentralt til i Sogndalsfjøra.

..med fjorden som frynsegode

–Den fremste frynsegoda er nok likevel dei mange kortreiste friluftseventyra du kan få tid til i kvardagen når du arbeider i Leikanger, smiler Jørn

Søk sommarjobb på Digdir innan 1. november

Lisbeth Bringebøen