Tida for å satsa er no, og du er velkomen til å ta del i verdiskapinga

Det seier Morten Jacobsen og Randi Hillestad i Vik Adventure.

Randi Hillestad i VIk Adventure. Foto: Vik Adventure

– Det er ikkje slik at det ikkje er noko å tena på cruiseturisme, tvert om, fortel Morten Jacobsen. Fleire granskingar hevdar at i snitt legg kvar cruiseturist att om lag 500 til 1000 kr pr passasjer pr besøk, men me må gje dei noko å bruka pengane på, fortel Morten.

Med det inviterer han alle som ynskjer å starta smått og stort innan guiding og aktivitetar retta mot besøkjande til å ta del i auken av kommande turisme.

– Vik skulle gjerne hatt tilbydarar innan ulike opplevingar som kajakkutleige, guida kajakktur, sykkelturar, kanskje ein biltur til eit fjell med niste og kaffi? Kanskje eit bakeri? Lokale varer som ulike matprodukt og suvenirar er òg etterspurd. Ingenting er for smått. Rederia ser etter spekteret av tilbod dei kan by passasjerane på når dei vel anløp. Dess fleire tilbod, jo meir interessant er det for rederia å velja Vik som anløp, smiler Morten.

Morten sit i styret i Vik Næringssamskipnad, og ivrar for å byggja reiselivet i kommunen, og kan ikkje få understreka nok at det er no det er tid for å satsa.

– For to år sidan investerte me i ein RIB-båt, og RIB nr to er på plass til sesongen 2024. Det er grunna auka tal cruiseanløp til Vik at me torde å ta sjansen på å satsa. Det kjem 35 skip sommaren 2024, og om lag 50 sommaren 2025. Frå 2026 ligg det også an til at Vik får ei auke i tal anløp.

Investerer i ein rikhaldig utstyrspark

– Me starta med kombinert fiske og tur i fjor, men har drive med reiseliv i årevis. Me driv framleis og utviklar konseptet og utstyrsparken vår. I tillegg til guida turar leiger me ut båtar, fiskeutstyr, bilar, elektriske scooterar og SUP-brett. Me har også ein liten fiskeutstyrsbutikk og to leiligheiter til utleige i “Gamle Trevaren” som opphaveleg er ein trevarefabrikk frå 1924.

I sesongen er dei sju tilsette, og ei skikkeleg familiebedrift då to av dei fire borna er med som guidar. Den eine er jamvel utdanna fiskar.

Målet er å få heilårsstillingar i selskapet.  

..Og investerer i menneskje

– Me klarer ikkje å utføra alle oppgåvene åleine, men det kostar mykje å ta alle båtsertifikata. Difor må me ha folk som er genuint interesserte i fjorden, folk som sjølve likar å vera utpå, for det er det som smittar over på turistane, seier Randi.  

Og med veksten som kjem treng dei gode guidar.

– Det me har aller mest lyst til er å tiltrekka oss dei som verkeleg likar å vera på sjøen, og som set pris på å vera her i Sognefjorden. Dei som tykkjer det er kjekt å syna fram dei mange små og idylliske fjordbygdene, fortelja om livet, naturen og kulturen her.

Dei veglause grendene er også populære hjå turistane, til dømes Finnafjorden inn til Finnabotn.

– Riben kan gå tett inn til fjellsidene, under fossefalla og inn dei smalaste og veglause fjordane. Det er klart turistane blir frå seg av begeistring for å få oppleva noko slikt! Me ser at det er populært å ta bil over fjellet til Gudvangen eller Flåm, og båt eller RIB attende til Vik. Om det er fleire aktørar som blir med og tilbyr opplevingar, kan me pakka saman slike konsept på nye måtar.

Ei felles reiselivssatsing I Sogn

– Visit Sognefjord gjer ein kjempejobb for at Sogn skal bli ein heilårsdestinasjon. No handlar det om at me skal finna saman, samarbeida og laga pakkene og konsepta som fell i smak hjå turistane. Mellom fleire samarbeider me med Amazing fjords, Sylvringen, Balestrand Advenuture og fleire, fortel Randi.

–  Når me får fleire oppdrag enn me klarer å levera på eiga hand tek me kontakt med Balestrand Adventure, og sameleis, dei tek kontakt med oss om dei får fleire gjester enn dei har båtar og guidar til. Me samarbeider godt.

Kundegruppa er spennande og variert.

–  Me har mange typar kundar. No ligg kundesegmenta på kring ein fjerdedel med “high end” eller såkalla luksusturisme, 35 prosent er cruisegjester, og resten er daglege avgangar med RIB-båten. I all hovudsak er det auken i cruisegjester som gjer at me kan satsa, og me håpar fleire ser at det nettopp er no me har gode høve til å utvikla noko lokalt i Vik, slik at verdiskapinga kjem på lokale hender.

– Me er kollegaer, ikkje konkurrentar. Løfter me saman blir me alle meir synlege.

VikLisbeth Bringebøen