Rekrutteringsdag på Kaupanger

Måndag 5. februar inviterte me tiandeklassingar frå heile Sogn til Kaupanger. På ViteMeir og Lerum-fabrikken fekk eleven sjå nokre av moglegheitene ved å ta ein Restaurant- og Matfag-utdanning på vidaregåande.

 Tonje Torvanger saman med elevane på ViteMeir

Elevane starta dagen på Lerum-fabrikken der dei mellom anna vart møtte av administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug som presenterte fabrikken og nokre av karriere-moglegheitene hos saft- og syltetøyprodusenten.

Trine Lerum Hjellhaug presenterar familiebedrifta

Etter ei spennande omvising tok elevane turen til ViteMeir der dei fekk møta Tonje Torvanger, Sogns mat og drikke-ambassadør. Med gode lokale råvarer og god hjelp frå Tonje diska elevane opp med ein herleg varmlunsj. Prikken over i-en vart heimelaga iskrem laga av syltetøy frå Lerum og kjølt ned ved hjelp av flytande nitrogen.


Vidare fekk elevane utfyllande informasjon, inspirasjon og erfaringar om restaurant- og matfagutdanninga ved Sogndal vidaregåande skule.

Steffen Furehaug Hovland, Faglærer restaurant og matfag