– Lokal verdiskaping er like viktig som potensial til internasjonal skalering

Frå venstre: Birgitte Karlstrøm, Karoline Søvik Myklebust, Line Bjelde, Ida Brastad Ramsfjell og Stian Hofslundsengen.

Det seier Line Bjelde, dagleg leiar i Sogn Næring. No lyser ho ut stilling til ein seniorrådgjevar med kompetanse innan gründerrådgjeving, bedriftsutvikling og prosjektleiing.  

Sogn Næring er eigd av Sogndal kommune og Sogn Næringsforeining, og får årlege oppdragsbrev frå kommunen om kva dei skal levera på.

– Me blir mykje brukte som prosjektleiarar, og ynskjer oss difor meir kompetanse og erfaring i dette fagfeltet for å kunna yta gode tenester. I tillegg er det eit føremon med brei kompetanse innan gründerskap, forretningsutvikling og systemkompetanse om næringsutvikling lokalt, regionalt og nasjonalt.

Og personen må kunna å baka. Det kjem me attende til.

Ei ung verksemd med flinke folk

– Dette er kunnskapsmedarbeidarar som lenge har praktisert sjølvleiing. Hjå oss må ein vera sjølvdreven, og i lag har me eit ansvar for å skapa ein bedriftskultur som stimulerar til sjølvstende og innovasjon, fortel Line.

Med ein snittalder på 30 år,  tre mastergrader innan økonomi, strategi og forretningsutvikling, herav to siviløkonomar, i tillegg til ei mastergrad i utdanningsvitskap, samt ein dataelektronikar er dette ein kompetent gjeng som gjerne tek på seg nye oppgåver.  

Sogn Næring startar gjerne strategisamlinga med fjordsauna og eit forfriskande fjordbad.

– Me blir kasta ut i mange spennande utfordringar, og det går heilt fint, fordi me kjenner oss trygge på at kompetansen er i gjengen, smiler Birgitte Karlstrøm. Med tryggleik og tillit blir det jo bra.

Ettertrakta kompetanse  

– Me opplever at me er attraktive og aktuelle, og at oppdragsgjevarane og eigarane set pris på å bruka oss, seier Line.

Økonomien til selskapet kjem frå Sogndal kommune, frå Sognefjorden Næringshage, og ikkje minst frå Vik kommune som kjøper rådgjevingstenester innan førstelinja og næringsutvikling.

– Vik kjem til å få ei tredobling av cruisetrafikk til neste år, fortel Karoline Søvik Myklebust. Med 32 anløp i år kan det koma opp mot 90 skip neste år.  

På oppdrag frå Vik kommune og Vik Næringssamskipnad har ho nyleg lagt fram ein rapport til kommunestyret i Vik om cruisetrafikk.

– Med fleire gjester er det naturleg å legga forholda til rette for lokal verdiskaping. Dette første steget handlar om å forstå næringa. På lengre sikt er det naturleg å utvikla ein strategi og handlingsplan for korleis kommunen skal jobba med cruise i framtida, fortel Karoline, som har fleire kontordagar i Vik for å bli kjend med både kommune, næringsliv og gründerar.

– Me søkjer og ein del eigne prosjektmidlar, i hovudsak frå fylkeskommunen til dømes innan reiseliv og innan kraftkrevjande industri. Mellom anna var me prosjektleiar for Lokal Etablering av Grøn Industri. Det prosjektet resulterte i etablering av selskapet Sogn Utvikling som no er eit samarbeid mellom oss, Sognekraft og kommunane Vik, Sogndal og Luster.

Eit anna døme der Sogn Næring fungerer som prosjektleiar er for Kaupanger Sirkulere Industripark. Prosjektet er finansiert med klimamidlar frå miljø- og klimadepartementet, og kommunen er prosjekteigar.   

– Prosjektet kan høyrast noko høgtsvevande ut, men me har allereie heilt konkrete resultat i form av at restmateriale frå den eine produsenten kan brukast i produksjonen til ein av dei andre prosjektmedlemmane, forklarar Line.

Kontorfellesskapet FUS og arrangement kvar veke

Lunsjsamlingar, frukostmøte, kurs, konferansar og studieturar er ein viktig del av oppdraga til Sogn Næring. Dei er det Stian Hofslundsengen som står ansvarleg for.

– Eg har veldig trua på å samla folk, me ser at det skjer mykje positivt i møte mellom folk.

Og han lovar mykje spennande aktivitet i vinter.  

– Det neste store arrangementet er Fjellpitch som er ein gründerkonkurranse me har knytt opp mot Fjellsportfestivalen, og ein god arena for å synleggjera Sogn som ein bra plass å bu, arbeida og starta verksemd – i tillegg til å stå på ski, smiler Stian.

Fjellpitch blir arrangert av Sogn Næring i samarbeid med HVL Skape, Fjellsportfestivalen og Kunnskapsparken Vestland.

I tillegg jobbar han med å utvikla og drifta FUS, kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv som per no er å finna både i Vik, Leikanger, Kaupanger, Campus Sogndal og i Lærdal. 

Rettleiing av gründerar

– Ei av hovudoppgåvene våre er å rettleia gründerar.

Sogn Næring skil ikkje på om det er ein person som vil starta verksemd i primærnæringa, handverkarar eller tekniske nyvinningar med potensial for skalering.

– Lokal verdiskaping er like viktig som potensial til internasjonal skalering. Me er her for å skapa arbeidsplassar, og alle skal få like god hjelp av oss, uavhengig av idè, bakgrunn og ressursar.

– Me kan tilby informasjon om korleis starta bedrift, forretningsmodellering, og ikkje minst skal me ha god henvisingskompetanse: Kjenner me nokon denne personen bør ta ein prat med? Kva midlar kan vera aktuelt for dette teamet å søkja på?

Sogn Næring tilbyr også hjelp til søknadsskriving for marknadsavklaringsmidlar eller midlar til kommersialisering hjå Innovasjon Noreg eller til dei kommunale næringsfonda.  

Eit lite selskap i eit stort arbeidsmiljø

– Me har ressursar til å tilsetja to personar til, og blir då ein gjeng på seks og ein halv person, fortel Line.

Den halve stillinga høyer til Ida Brastad Ramsfjell. Ho er tilsett som rådgjevar både i Sogn Næring og hjå HVL og oppgåva hennar er å styrka satsinga på gründerskap for elevar og studentar ved HVL, dei to vidaregåande skulane og folkehøgskulen.

– Me ynskjer å bruka HVL SKAPE til å svara på ekte case frå næringslivet, og å hjelpa næringslivet med å løysa reelle problemstillingar. Erfaringane hittil er at næringslivet vil bruka oss, og at elevane og studentane er dyktige og interesserte. Det lovar godt, seier Ida.

Ida er fersk i Sogn Næring. Med lærarutdanning og arbeidserfaring innan psykisk helse var ho litt bekymra for om ein rådgjevarjobb innan gründerskap ville opplevast like meiningsfylt.

– Det høyrest ut som ein klisjé, men det er noko i det å hjelpa menneskje med å realisera draumane sine, det gir meining, rett og slett.

..og kva med bakinga?

–  Me likar å finna på ting. Det siste er at kvar tredje tysdag har me kake-tysdag i Innovasjonsbygget. Då samlast heile arbeidsmiljøet med bedrifter og gründerar knytt til FUS, Innovasjon Noreg, Kunnskapsparken og me til kakekalas. Bakinga går på rundgang, så det held nok at du kan å baka ei kake, smiler forretningsutviklarane i Sogn Næring.

Og legg til:

– Elles er det så klart positivt om personen som søkjer også er omgjengeleg og ein relasjonsbyggjar, men ut over det set me ikkje krav til personlege eigenskapar. Me håpar at mangfaldet hjå oss kan vera lika breitt som det me møter ute hjå studentar, hjå gründerar og i næringslivet, smiler dei.