Vil du vera med å utdanna framtidas barnevernpedagogar?

Frå venstre: Sandra Opheim, Tone Jørgensen, Hege Sundt, Berit Marie Njøs og Tonje Solberg.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) lyser ut fast stilling innan fagområde barnevern ved Fakultet for helse- og sosialvitskap på campus Sogndal.  

– Alle kollegaene i fagseksjonen er her i Sogndal. Det er kun ved campus Sogndal av HVL sine studiestader det er høve til å studera Bachelor i Barnevern, det er her me har samla spisskompetansen på fagfeltet, seier Sandra Opheim, fagseksjonsleiar i Barnevern.

Fagseksjonen er del av institutt for velferd og deltaking som har om lag 90 tilsette og 1300 studentar fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. 

– I seksjonen samarbeider me på tvers av utdanningane HVL tilbyr, og det er klart det blir mykje samarbeid med fagfolka i Bergen der resten av seksjonen er lokalisert. I tillegg er det mykje samarbeid lokalt, nasjonalt og internasjonalt, med både praksisfelt og forskarar, alt etter type prosjekt og tema.  

Utdannar trygge, stolte og reflekterte praktikarar

– Det er godt å vera to når saksfelta er komplekse, når det ikkje nødvendigvis er eit fasitsvar, men det viktige er utvikling av kritisk refleksjon, seier Tonje Solberg og Hege Sundt.

I dag underviser høgskulelektorane 2. klassingane om nytt lovforslag som seier at barnevernstenesta skal utforma ein plan for omsorgssituasjonen til barnet så snart vedtak om omsorgsoverdraging er fatta.

Krevjande vurderingar for både unge studentar og erfarne fagfolk. Ei tilnærming i form av gruppediskusjonar mellom studentane fasilitert av to lærarar syner seg fruktbar for å belysa og få fram viktige dimensjonar. 

– For at studentane skal kunna utvikla fagleg og moralsk dømmekraft og trena på å utøva skjønn ut frå ein fleirfagleg ståstad, argumenterer me for å ta i bruk fleire studentaktive undervisningsformer. Hjå HVL får me ansvar og individuell fridom til å vera kreative i undervisninga.

 Står dei fast er det kort veg til å få hjelp og svar frå kollegaer.

– Kombinasjonen av å ha alle kollegane samla her, samstundes som me er tett på både studentar og praksisfeltet, det er berikande når ein arbeider med undervisning. Det set me stor pris på, smiler Hege og Tonje.   

Praksisnære samarbeid

Læringsnettverket for Barnevernstenester i Vestland er eitt av eksempla på det tette samarbeidet med praksisfeltet.  

– Læringsnettverket skal bidra til at kommunane samarbeider om kvalitetsutvikling med utgangspunkt i lokale forhold og behov, då barnevernsreforma frå i år har flytta ansvar frå stat til kommune og gir kommunane større ansvar for hjelp til utsette barn, både fagleg og økonomisk. Dette stiller krav til leiinga i barnevernet, og i kommunen – og til oss som skal utdanna framtidas barnevernspedagogar, fortel Sundt.

Det er etablert ei styringsgruppe for læringsnettverket der det sit fem barnevernleiarar som representantar frå kommunane, to representantar frå kompetansemiljøa, ein representant frå Bufetat, KS og Statsforvaltaren. Alle hovudrepresentantane har kvar sin vara.

Sundt er med som vara til styringsgruppa, i tillegg til å vera med som hovudrepresentant i ressursgruppa til læringsnettverket.

Med arbeidserfaring frå barnevernsfeltet, mellom anna frå kommunal barnevernsteneste og barnevernsinstitusjon, i tillegg til mange år med fosterheimsarbeid, både i interesseorganisasjon og i ulike prosjekt før ho starta hjå HVL, gjev ho studentane det beste utgangspunktet for å bli gode barnevernspedagogar.

Praksisnær forsking

Det er fleire pågåande forskingsprosjekt og forskingsgrupper i fagseksjonen.

– Det viktige er å forska på tema som har nytteverdi for praksisfeltet, og at forskinga blir nytta inn i undervisinga, fortel Tone Jørgensen. Ho er forskargruppeleiar for forskingsgruppa Oppvekst, rus og sosial marginalisering.

– Eit eksempel som me forskar på nett no, er bruk av sakkunnige i barnevernet. Det er ofte komplekse situasjonar ein står overfor i barnevernet, og då er det viktig med gode utgreiingar. Forskargruppa ser på korleis ein kan og bør bruka desse sakkunnige, fortel Jørgensen.

Andre pågåande forskingsprosjekt i forskingsgruppa handlar mellom anna om fagleg skjønn i kommunalt barnevernsarbeid, sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV og etterlatne ved narkotikarelatert død. 

–Du får forskingstid også om du er tilsett som høgskulelektor. Som tilsett som førsteamanuensis er forsking ein svært viktig del av stillinga, fortel Opheim.

 Søkjaren som blir tilsett blir organisert i forskingsgruppe alt etter interesse og ynskje. Samstundes er det eit ynskje i fagseksjonen å forska meir på rusproblematikken.

– Ein del av dei som jobbar i barnevernet møter foreldre som rusar seg. Me er interesserte i søkjarar som jobbar med rusproblematikk i praksisfeltet, og som kan og vil driva forsking på dette.

Tur, middag eller kino ein gong i månaden

– Me tykkjer sjølve at me har eit godt arbeidsmiljø, smiler Opheim. Me samarbeider godt fagleg, og så har me ei triveleg stund i lag kvar dag når me er samla i lunsjpausen. Då vekslar praten mellom fag og utanomfaglege tema, smiler Opheim.

– Ja, og så er me sosiale også utanfor kontoret. Me har sett av tid i kalenderen kvar månad til å gjera noko saman, og då er det fritt fram om det passar eller ikkje for den einskilde kollega. Det blir alt frå turar i nærområdet, ut å eta middag, tur på kino, teater eller anna kulturelt arrangement. Alt etter kva som skjer og me har lyst til, nikkar Berit Marie Njøs.

Brei stillingsutlysing

– Det trengst ulik kompetanse for å utøva slike oppgåver, forklarar Opheim.

Difor er stillingsutlysinga brei både med tanke på kompetanse og nivå til den som blir tilsett. Stillinga er open for både førsteamanuensis, førstelektor eller høgskulelektorar og både samfunnsvitarar i tillegg til barnevernspedagogar og sosinomar er velkomne til å søkja.

– På denne måten får me både viktig forsking og refleksjon over praksisutvikling i møte med teoretisk kunnskap.

Søknadsfristen er 27.11.2022.

Kontaktperson
Sandra Opheim
Fagseksjonsleiar barnevern
+47 57 67 62 88