Er du tannpleiar som vil ha litt meir ut av fritida?

Då er du velkommen til Tannhelsesenteret Sogndal.

– Me tilbyr eit spennande fagmiljø med allsidige arbeidsoppgåver i moderande lokale i sentrum av Sogndal, seier tannlege Per Opsahl. Primære arbeidsoppgåver er å arbeida i team med spesialist i kjeveortopedi, og noko assistanse av tilreisande spesialistar og å bidra i den daglege drifta av klinikken, fortel han.

Opsahl er ansvarleg for å rekruttera tannpleiarar til Sogndal, og han har lagt inn eit par godbitar i stillingsutlysinga.

Sogndal – for dei som vil litt meir

Sogndal har eit rikt utval av aktivitetar å by på for den eventyrlystne. Bading, dykking, båtliv og kajakksafari i Sognefjorden. Jotunheimen Nasjonalpark og Breheimen med toppturar på ski og til fots. Klatring, brevandring og tur til blåisgrottene, stisykling og landevegssykling, skøyting på islagde vatn, og elvepadling. I Sogndal treng ein ikkje vera redd for å kjeda seg på fritida.

– Klinikken disponerer mellom anna eit flott jaktområde for å jakta hjort og orrfugl kun ein times køyretur frå klinikken, smiler Opsahl.

Bustad, barnehage og jobb for to

– Me får ofte spørsmål om leigemarknaden, barnehagedekning og om det er mogeleg å få jobb for kjærasten, fortel Opsahl.

Då er det fint å kunne fortelja at det er mange objekt på leigemarknaden, spesielt i studentbygda Sogndal som er van med å huse 2500 studentar i tillegg til vidaregåande elevar som bur på hybel i kommunesenteret. 15 minuttar frå arbeidsplassen mot Hafslo, Leikanger eller Kaupanger er bustadprisane rimelegare. Det er også eit rikt utval av barnehagar kringom i Sogn.

Og sambuar treng ikkje å vera redd for ikkje å finna eit miljø retta mot eigen kompetanse. På Campus Sogndal ventar moderne kontorfellesskap lokalisert mellom 3000 studentar, akademikarar og gründerar. Her er fleire kompetansemiljø innan ei rekkje ulike fagområde; High-Teck, programmering og naturbaserte forretningsmodellar. Leikanger er kjend for å ha dei mest kunnskapsrike innbyggjarane i Noreg – i alle fall basert på utdanningsnivå. Digitaliseringshovudstaden for offentleg sektor med dei sterke spesialiserte kompetansemiljøa syter for at dei 700 statlege arbeidsplassane hjå Digitaliseringsdirektoratet, Statsforvaltaren, Statens vegvesen, fylkeskommunen og Nav si økonomiteneste leverer brukarvenlege tenester av høg kvalitet.

Gratis besøk og ei ekstra månadsløn

– Du får ei månadsløn ved inngåing av arbeidskontrakt. Om du ynskjer ei kontrakt med bindingstid i tillegg, kan du forhandla om eit høgare beløp, seier Per.

Det bør dekka ei start-pakke for eit aktivt liv i Sogn. 

– Me treng eigentleg berre å få aktuelle kandidatar hit på besøk. Me betaler reise og opphald for interesserte søkjarar som vil besøkja Sogndal for å sjå klinikken og helsa på personalet, smiler Per. Heilt uforpliktande, så klart, poengterer han.

–Med fruktblomstringa og vårskiturar i mai, er det umogeleg ikkje å bli bergteken av dette området, avsluttar Per.

Ledige stillingar hjå Tannhelsesenteret

Lisbeth Bringebøen