Utviklarar som vil laga eit nytt system for Helsetilsynet?

– Statsforvaltarens fellestenester (STAF) er kanskje den av digitaliseringsaktørane i Sogn som byr på det breiaste spekteret av utfordringar, seier Jørgen Tistel.

Han er direktør for digitaliseringsavdelinga som er den nasjonale IKT-avdelinga som servar statsforvaltarane og mange fleire i heile landet.

No er han på leit etter fire nye utviklarar til avdelinga på Leikanger. Frå før er dei 21 tilsette i ein alder frå 25 til 59 år. På landsbasis tel dei om lag 220 tilsette.

– Me brukar det me kan av ferdige rammeverk og komponentar i botn, noko som gjer at me kan setja fokus på det me tykkjer er mest spanande: Å utvikla «digitale lokomotiv» for å forenkla og digitalisera kvardagen, forklarer Tistel.

Dei fire nye utviklarane skal mellom anna vera med på å utvikla eit nytt system for Statens Helsetilsyn.

– Dette er spanande og me har ein stor jobb framfor oss, smiler Tistel.

Utfordrande, men innanfor trygge rammer

– Å arbeida i STAF krev brei kompetanse innan digital utvikling og kjennskap til brukargrensesnittet. Arbeidskvardagen er prosjektbasert med tverrfaglege team, ein kombinasjon av prosjektleiar, utviklar og brukarar av dei tenestene me leverer. Ein arbeider difor alltid i trygge rammer til trass for varierande og utfordrande arbeidsoppgåver i kvardagen, fortel Tistel.

Oppdraga til STAF kjem som regel frå ulike departement eller direktorat som ser behov for å effektivisera arbeidskvardagen hjå statsforvaltarar, samt skapa ein felles metodikk i heile landet. Det er her namnet «felles tenester» til STAF kjem frå.

I møtet mellom teknologi og menneskje

– Det å få vera med på heile prosessen i møtet mellom teknologi og menneskje gjer det verkeleg spanande å arbeida i STAF. Kva er det eigentlege problemet, kva behov skal me dekka og kva løysing kan me laga for å effektivisera, henta ut gevinstar og skapa ei god tjeneste som fungerer i praksis på sikt, seier Hanne Walderhaug Nævdal som er prosjektleiar i avdelinga.

Ho fortel om ein arbeidsplass med samhald og engasjement mellom kollegaer som gjer at det ikkje er skummelt å kasta seg ut i noko nytt.

– Det er alltid nokon som vil og kan hjelpa til, smiler Walderhaug Nævdal

Hanne Nævdal og John Petter Svedal

Hanne Walderhaug Nævdal og John Petter Svedal.

Påfyll av både latter og kompetanse

– Hjå oss er det mykje latter og høgt under taket. Me likar å utfordra dei tilsette. Litt av tankegangen vår er at dei får ta del i heile prosessen, heilt frå ideen spirer til ferdig leveranse, forklarer Tistel.

– Det skal vera trygt å koma til oss, og me tilbyr eigenutvikling og kompetanseheving, fortel Tistel.

Den finaste vegen heim

– Me har eit eige konsept som me har gitt namnet «den finaste vegen heim». Det handlar om å testa ut ulike framkomstmiddel til og frå kontoret. Så langt har me prøvd ski, rulleski, kajakk, sykkel og fjellsko.  

Med kontorstad ved Sognefjorden er det heller vanskeleg å finna ein veg heim som ikkje er så fin.

– Kanskje er det du som blir med på neste runde, smiler Tistel.

Lisbeth Bringebøen