Åtte stillingar i Sognekraft

No kan du bli ein del av drivkrafta i Sogn.

Me siktar høgt, og det må me nesten gjera for å leva opp til målsettinga vår om å vera drivkraft i Sogn. Samstundes er det gledeleg å kunna konstatera at me er i vekst og ikkje omvendt, heiter det på nettsida til Sognekraft.

Konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal håpar stilingane vil skapa interesse. Foto: Sognekraft

Sognekraftkonsernet si verksemd omfattar produksjon, distribusjon og omsetning av energi, breiband og infrastruktur. Dei produserer rein, fornybar energi og utviklar ny infrastruktur. Fornybar energi er sentralt for eit framtidig lågutsleppssamfunn og berekraftig utvikling. Fornybar energiproduksjon er med på å erstatta og redusera forbruket av fossil energi i Noreg og i verda.

No har konsernet minst åtte ledige stillingar ute, to av dei er leiarstillingar i Sognekraft, medan Sognekraft Produksjon er på leit etter ein rådgjevar innan kraftforvaltning, Sognenett treng nettverkskonsulent og dataelektronikar lærling, og Sygnir ynskjer seg både driftkonsulent, ein organisasjons- og forretningsutviklar i tillegg til energimontørar.

– Me har både utfordrande og ettertrakta stillingar som me håpar og trur vil skapa interesse, seier Nævdal vidare.

Sjå alle stillingane

Sognekraft tek samfunnsansvar

Samfunnsansvar for Sognekraft omfattar mellom anna økonomisk verdiskaping for eigarar og det å vera ei drivkraft i Sogn, produksjon av kraft frå fornybare energikjelder, utvikling og drift av ein kritisk infrastruktur for samfunnet, ein berekraftig og mest mogleg skånsam bruk av naturen, samt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, heiter det i årsmeldinga for 2022.

Sognekraft er eigd av kommunar og kraftlag i midtre og Indre Sogn, og har som mål å betra kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv i bygdene i Sogn.

Høg aktivitet

Mykje har skjedd i konsernet berre det siste året, mellom anna med byggjestart av Feios Kraftverk, i tillegg til oppstart av to nye selskap i Sogn Utvikling og Sognenett IT.

Talet på tilsette i konsernet, kring 150, er nær tredobla på litt over 15 år.

Konsernsjef Nævdal ser fram til det han trur vert ein spanande haust for heile Sognekraft-konsernet: – Me gler oss stort til å ønskja alle våre nye kollegaer velkomne.

Du kan lesa meir om stillingane på Sognekraft sine nettsider.

Lisbeth Bringebøen