Ellevill kokk

Bernt Aleksander er eldsjela bak Ellevilt og butikken i Fjøra.

 – Me i Ellevilt  brenn for kvalitet og tradisjonar. Ved å handplukka råvarer frå småskalaprodusentar, veit me i større grad kvar dyra kjem frå og kva dei har ete. Me er opptekne av å utnytta heile dyret og ynskjer eit berekraftig konsept. Difor trur me på smart utval av råvarer og inspirerande matrettar, heiter det i stillingsutlysinga til Ellevilt.

No søkjer dei faglærd kokk til satsinga si i Sogndalsfjøra. Her har dei eige kjøken og butikk der dei sel eigne råvarer, i tillegg til eit utval av spennande lokalmat.

Kortreist matglede

 – Ellevilt er lidenskap og matglede. Det er ingrediensar som skapar kvalitet på sluttresultatet. Når me snakkar om kvalitet, meiner me kvalitet heile vegen. Dyra skal ha gode forhold, kjøtet skal vere rett mørna og råvarene skal vera handsama riktig.

 – For å gje kunden denne kvaliteten, er me opptekne av kvar råvarene kjem frå. Kanskje du får vita kvar sauen har beita? Me vil gjerne bidra til å løfta fram dei gode norske produsentane og tradisjonell tilverknad. Slik kan me fortelja deg historia frå råvare til sluttprodukt.

Catering, arrangement og kokk heim

Butikken i Sogndal vart opna hausten 2018, for å gjera matgleda meir tilgjengeleg for nye og eksisterande kundar. Ellevilt har drive med catering sidan 2008, og byr på grilling hjå kunde, levering av mat, og dei lagar meir enn gjerne mat heime hjå deg – alt til skreddarsaum etter kunden sine ynskje.

Er du den nye elleville kokken i Sogndal?

 – Me har posisjon i bygda som den beste butikken på spennande og kortreist lokalmat. No treng me å utvida laget, konseptet og maten. Kanskje du er rett for oss?

Lisbeth Bringebøen