Festkveld i U40 Sogn

Styret i U40: Frå venstre bak: Silje Flugheim Heggestad, Camilla Lerum Bondevik, Ragnhild Skahjem Tofastrud, Kjersti Røysum Petty, Erlend Fardal Lunde, Andrea Lomheim. Framme frå venstre: Line Bjelde, Andrea Fardal Opseth, Sigrid Alice Hovland.

– U40 skal bli skikkeleg stort. Dette er berre starten, den første spira.

Det sa styreleiar Erlend Fardal Lunde då han yngste velkomen til festkveld for å feira eit vel gjennomført første år i nettverket for unge og ambisiøse sogningar.

Styreleiar Erlend Fardal Lunde.

Kring 70 av medlemmane til U40 kom til festpynta lokale hjå Bjelde Gard med tema «people, pils og pinnekjøt».

– Me har fått både skryt og kjeft. Og me har hatt mykje moro. Styrearbeid gir glede, og det håpar eg me har klart å formidla i alle samlingane, sa Fardal Lunde om nettverket han har etablert og tilbakemeldingar dei har fått det første året.

– I kveld har me ikkje eksterne innleiarar, slik som me har hatt på alle dei andre arrangementa. Med stødige interne ressursar er eg viss på at dette blir ein inspirerande kveld med prisutdelingar, konkurransar, quiz, song, talar, erfaringsutveksling og mykje inspirasjon. Eg gler meg.  

Ser attende på eit lærerikt og kjekt år

Kick-off i februar la vekt på at i dette nettverket er det lov å stikka seg fram, det er lov å ha meiningar. Og skal ein vera med å påverka, kan nettopp ein plass i dei mange bedriftsstyra i næringslivet vera rette staden. Trine Lerum Hjellhaug frå Lerum og Egil Mundal frå Rocketfarm stod for faglege innlegg, i tillegg til Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet, og Anro Hebib frå BergenUP.

Første fagsamlinga fann stad i april og handla om «kommunikasjon i praksis – på godt og vondt». Fardal Lunde fortalde om sin kometkarriere i hotellbransjen, og kommunikasjonsguru Urban Stenehjem gav nyttige og praktiske råd for å mingla lett og ledig. Kanskje det mest spennande var sofapraten mellom journalist Ola Skram og Grete Hjetland, dagleg leiar i Highsoft, om at kommunikasjon har vore nøkkelen til å lukkast med å leia ei internasjonal high-teck verksemd.

Ein sommardag i juni var neste treff for medlemmane i U40, og denne gongen samla dei seg i Leikanger til «Bobler, burger og babling». Forskar Svein Ølnes i Vestlandsforsking fortalde om kryptovalutta, og redaktør Arve Uglum i Sogn Avis delte sitt syn på denne «nye mafiaen» som nettverket har vorte kalla, og sa dei velmeinte orda: «Om ein ikkje ER ein mafia skal ein ikkje bry seg om det. Ein lyt berre passa på at ein ikkje blir det».

September kom med digitalisering og stordata i Vik, med innslag frå teknologiverksemdene Highsoft, Tibber og DigDir. I tillegg til gode innlegg frå leiar i Vik Næringssamskipnad Åslaug Stadheim Ese, og styreleiar i Linn bad, Andre Grønningen.

... og de valde meg til å halda denne talen?

– I kveld er me samla både akademikarar, gründerar og folk som har jobba seg frå botn til toppen. Mykje ressurssterke personar som har kome langt i karrieren og i livet. Og så valde de ein personleg trenar til å halda denne talen? Seier Øyvind Brennset med glimt i auga og til stor latter frå forsamlinga.

Det var Brennset som summerte alle arrangementa frå året som hadde gått. Han hadde delteke på samtlege, og lærd både eitt og hitt.  

– Kick-off samlinga i februar vart eg lurd med på fordi dei sa det var mat der. Lovnaden om å få læra meir om kva som skjer i det lokale næringslivet i regionen, høve til å læra om teknologi, økonomi og kommunikasjon og det sosiale aspektet gjorde at eg meldte meg inn i nettverket.

Det angrar han ikkje på.  

Han er heller ikkje redd for at nettverket skal sleppa opp for tema dei neste åra, og hadde ei lang liste med til dels gjennomtenkte forslag:

– Neste gong me er i Sogndal kan tema vera «Gin, Gilde og Gjeld». Vik kan by på «Baileys, Brev – og besøksforbod». Kanskje ei samling i Årdal kan handla om «Sprit, stål og statleg støtte»,  foreslo Brennset til ei humrane forsamling.

– Uansett kva det blir til, så gler eg meg til dette inspirerande møtepunktet med flotte folk. Tusen takk til styret for framifrå innsats med å laga gode møteplassar.

Prisdryss

Kveldens gjævaste pris var «Årets Sognespire», og den gikk til ein svært likandes kar, og ein leiar som bryr seg om sine tilsette, heitte det i grunngjevinga frå juryen.

Kveldens gjevaste pris gikk til Tom Dyrdal i NTP, nr. 3 frå venstre.

«Til tross for sin unge alder, har kandidaten gjennom dei siste 8 åra leia ei internasjonal bedrift  med 190 tilsette frå over 25 ulike nasjonalitetar. Han har vore sterkt delaktig i at selskapet har hatt ein eventyrleg vekst, og det internasjonale konsernet har difor prioritert å investera tungt i både organisasjon, bygningsmasse og teknologi.»

– Eg tek imot prisen på vegne av alle eg jobbar med. Me er mange som byggjer NTP, sa fabrikksjefen ved NTP i Gaupne, Tom Dyrdal.

Prisen er etablert for å trekka fram dei som er engasjerte i lokalsamfunnet, og gjer noko positivt for framtida til Sogn. Av dei 18 nominerte var det personar som har utmerka seg innan frivillig innsats, kommunal sektor, oppstartsbedrifter og i etablert næringsliv. 

– Det er mange gode kandidatar til denne prisen i Sogn. Så det er stas å bli vald ut.

Nettverket for dei som vil bygga framtida

Sogn U40 er eit tverrfagleg nettverk av ambisiøse, unge og profesjonelle som vil vera med å bygga framtida i regionen. Sogn U40 skal bidra til og leggja til rette for utvikling av unge leiarar og andre unge ambisiøse og profesjonelle. Med eit høgt aktivitetsnivå og godt fagleg innhald skal Sogn U40 auka kunnskapen og kompetansen til dei under 40 år i næringslivet. Sogn U40 skal på faste møteplassar skapa tverrfagleg idémyldring og inspirasjon, samstundes auka relasjonsbygginga mellom «ung og fersk» og «erfaren» i næringslivet.

Lisbeth Bringebøen