I Fjærland hjelper Else deg med hus og tilhøyrsle

 – Me ynskjer at fleire skal flytta til Fjærland. Dei lyt ha ein plass å bu og noko å engasjera seg i, men det å finna hus kan by på utfordringar, seier Else Mundal.

Noko å engasjera seg i er ikkje eit problem i fjordbygda med 300 innbyggjarar. Det kjem me attende til.

Fleire unge vil til Fjærland

Else Mundal ynskjer velkomen til Fjærland. Foto: Privat.

– Eg og kjærasten min, Jan Erik, flytta heim i fjor sommar etter at me vann bodrunden på huset som me så gjerne ville ha. Inntrykket mitt er at fleire av dei eg vaks opp med gjerne vil flytta heim no, men dei treng hjelp til å finna bustad, seier Else.

28-åringen har vakse opp i Fjærland, sambuaren Jan-Erik er frå Dale i Sunnfjord. No pendlar begge til jobbane sine i Førde; Else til Lotteri-og stiftelsestilsynet og Jan-Erik til Sparebanken Sogn og Fjordane, men nett no er han i pappa-permisjon.

– Fjærland er sentralt slik sett, me er i grei pendlaravstand til spennande arbeidsplassar i Førde og Sunnfjord med ein dryg time, eller kun ein halvtimes køyring mot Sogndal og derifrå vidare til resten av Sogn.

David ynskjer velkomen til kafèen Inkåleisn. Foto: Privat

Mange har også arbeidsplassen sin i Fjærland, og fleire lagar sin eigen arbeidsplass.

– David Mundal er og i bulystnemnda. I vår overtok han drifta av kafèen og har forvandla han til ein moderne møteplass med namnet Inkåleisn. Saman med faren, Jarle Mundal, som driv guiding, butikk og tre saunaer i lag med kjærasten Janne Elin, drøymer trioen om å byggja ny overnattingsstad og restaurant. Det syner at det er godt mogeleg å lukkast også som gründerar i Fjærland, fortel Else.

Bulystnemnda hjelper til med å finna bustad

I bygda med 300 innbyggjarar er det mange tomme hus. Det er likevel langt mellom kvar gong hus blir lagde ut for sal.

– Fjoråret var eit unntak, då fekk både me og to andre familiar kjøpt oss hus i Fjærland. Det høyrest kanskje ikkje mykje ut med tre hus til sals på eit heilt år, men det er mykje til å vera avertert på den opne marknaden i Fjærland.

Det er nettopp dette Else og Bulystnemnda i Fjærland skal hjelpa til med. Med seg har ho altså David, og Torstein Solli-Supphellen. Torstein er med som representant frå bygdeutvalet, då ei av kjernesakene til utvalet er nettopp bulyst.

Alle tre er nye i bulystnemnda, men dei får gode tips frå fleire ressurspersonar, samt også frå Eivind Ødegård som hadde rolla tidlegare. 

– Me har akkurat overteke vervet, me har difor ikkje heilt funne vår form på arbeidet enno. Me ynskjer innspel frå folk i bygda, og også frå dei som vil flytta hit, om kva dei gjerne vil ha hjelp til, smiler Else, men definerer førebels arbeidet slik:

Torstein er med sine 19 år svært driftig for alderen, og har fleire frivillige verv i tillegg til ordinært arbeid på Felleskjøpet på Skei. Foto: Privat.

–  Bulystnemnda er ein sentral som potensielle tilflyttarar kan ta kontakt med, og få tips om kva hus som skal seljast eller leigast ut. Nemnda skal kartlegga dei tomme husa som kan koma på marknaden, og jobbar mot kommunen for å få regulert tomter og andre tiltak som handlar om bustadar.

– Me veit at det er tomme hus, som av ulike grunnar ikkje er i bruk eller som blir lite brukt.

Få av dei blir selde, men fleire har potensial for å bli leigde ut og kanskje dei etterkvart likevel kan komma for sal.

Bulystnemnda ynskjer å gjera det smidig å leiga eller eiga bustad i Fjærland, og sjå om det kan vera mogeleg å samarbeida med næringslivet om jobbar til tilflyttarar.

– Me har mellom anna hjelpt eit par frå Belgia med å finna seg hus i Fjærland. Dei var her på ferie, og tok kontakt med bulystnemnda i etterkant. Paret hadde ikkje arbeid når dei kom, men ho hadde utdanning innan reiseliv og fekk seg raskt jobb på hotellet, smiler Else.

Bygda vaknar til liv om hausten

Det er på hausten organisasjonslivet i Fjærland vaknar til liv att. Når turistsesongen er over, og livet og røra med alle turistane og feriefolka legg seg, er det sjølve bygda som vaknar.

– Hausten er høgsesong for lokale marknader og treffpunkt av ulikt slag i Fjærland. Haustfest, bedehus-, bygdehus-, korps-, og julemarknad, bingo og basarar samlar bygdefolket. I fjor introduserte eg nokre venner som jobbar på Fjordstuen Hotell til basarane og bingoen i bygda, og dei gler seg storleg til neste omgang med bingo, ler Else.

– Det er så flott med desse kontrastane. Sommaren er svært travel her i Fjærland, særskild for dei som jobbar i reiselivet. Det er mykje moro når det står på, men det er også herleg når den rolege marknadshausten tek til. 

Vinteren er tida for å planleggja for neste år, og til å drifta mylderet av organisasjonar. Med eit hav av organisasjonar, vil du finna noko som passar for deg, uansett evne, interesse og ambisjonsnivå: Dans og musikk, idrett og friluftsliv, jakt og fiske, handverk, historie, næring og livsmeistring - i tillegg til bygdemøta som er areanen for å koma saman og drøfta idèar, ynskje og å planlegga framtida til bygda.

– Me har mange tradisjonar og faste arrangement år etter år. Det er trygt, fint og moro. Dei som flyttar til Fjærland er så hjarteleg velkomen inn i dette. Samstundes er det høgt under Blånipa så nye idèar er alltid velkomne.

Godt å vera ung i Fjærland

– Fjærland har alle sentrumsfunksjonane som ei levande bygd må ha. Me har butikk, barnehage og barneskule, og busenter for seniorar der heimesjukepleien også har kontora sine. Ikkje minst tek me også godt vare på ungdomane i Fjærland.

– Når ein har ein god oppvekst vil ein gjerne gje borna sine same gode oppveksten. Verksemdene i Fjærland er flinke til å prioritera bygdeungdomane som er heima på ferie om somrane til sommarjobbar. Det trur eg er ein viktig kontakt å oppretthalda når ungdommen er flytta vekk for å gå på vidaregåande skule og for å studera. Då har dei kanskje meir lyst attende etter nokre år vekke som studentar og i arbeidslivet, foreslår Else.

Det manglar ikkje på aktivitetar i Fjærland.

– Og så er det mykje som skjer her. Det er quiz og pubkveldar, og bygdefestar til Olsok og 5. juledag. Og det er god kultur for at alle er invitert når nokon arrangerer noko privat.

– Me saknar ikkje noko. Me har alt me treng både sosialt, uteliv og organisasjonsliv her i den flotte fjordbygda vår, smiler Else.