Industriområdet på Kaupanger er eit av regionens største og på sikt kanskje det mest sirkulære?

Illustrasjon fra Tor Arne Ness, oversiktsbilete av Industriområdet på Kaupanger

På Kaupanger finn ein eit variert næringsliv, med bedrifter innan industri, bygg og anlegg, teneste og handel. Verksemdene som er etablert på industriområdet på Kaupanger representerer 1200 arbeidsplassar og ei samla omsetning på 2 milliardar kr. Kaupanger har ei aktiv næringsforening med omlag 60 medlemsbedrifter, som mellom anna har spelt ei avgjerande rolle i realiseringa av Vitemeir.

Kaupanger sirkulære industripark dannar grunnlaget til Kaupanger sirkulære industripark

Saman med Sogndal kommune, Simas og Vitemeir er Kaupanger næringsforening ein part i klimasatsprojsketet Kaupanger sirkulære indistripark. Fredag 6. oktober fekk vi presentere status i prosjektet og orientere om korleis vi ynskjer å bruke kunnskapsgrunnlaget i Kaupanger sirkulære til å etablere ein sirkulære bio hub i Sogn, som ein del av satsinga Grøn region vestland til Fylkeskommunen.

Kva er grøn region Vestland?

I 2021 utarbeidde Vestlandland fylkeskommune ein strategi for å gjere fylket vårt til eit føregangsfylke på grøn industri, i form av rapporten “Grøn Region Vestland”. Her vart det peika på stadar rundt om i fylket med eit særleg strategisk potensial for å bidra til det grøne skiftet, og til å skape framtias arbeidsplassar. Konsulentselskapet Ernst & Young laga rapporten på bestilling frå fylkeskommunen den gangen. Dei med størst status fekk status som “hub”, medan andre interressante stadar vart omtala som “konsept”. Eit av desse konsepta var “Smarbygda Sogndal”, med digitaliserings- og teknologimiljøa i Sogndal og Leikanger som hovudingrediens saman med aktørane på Campus. Sidan den gang har tal arbeidsplassar auka jamt, det er investert i både bygg, anlegg og utstyr og Sogndal er endå betre kjent for nettopp teknologi- og digitaliseringsmiljøet. Dette har til no skjedd uavhengig av fylkeskommunen, då berre dei som fekk hub-status har hatt konkrete samarbeidsprosjekt saman med fylkeskommunen. 

Ny kartlegging i haust

I haust vert det gjort ei ny kartleggingsrunde, med hovudmål å finne ut om det burde vore fleire hub-ar på vestlandskartet. Også denne gangen er det Ernst & Young som har fått jobben, og onsdag 20. september møtte dei Line Bjelde frå Sogn Næring, Torgeir Skålid frå Sogn Utvikling og Sognekraft, Trine Lerum frå Lerum og Kaupanger Næringsforening og Joakim Systaddal frå Sogndal kommune og Sogn KO. Line leia det lokale arbeidet, og har koordinert fleire prosjekt med stort grønt potensiale det siste halvanna året. 

Biohub - alle våre styrkar i ei pakke?

Hovudbodskapen var klar: Sogn kjem til å etablere ein sirkulær biohub med base på ViteMeir, Kaupanger. Alle deltakarane, med kvart sitt utgangspunkt, gav klart uttrykk for at ein forventa at fylkeskommunen fekk denne hub-en med på kartet, og at dette arbeidet er noko som vil få prioritet også frå fylkeskommunen si side. 

Kva er ein sirkulær biohub, og kvifor på engelsk?

Det krev ei eiga sak å gjere godt greie for kva sirkulærøkonomi går ut på, men prinsippet er enkelt: I ei sirkulær tenking finnast ikkje avfall, det finnast berre råstoff som kan brukast til noko anna. Bio-omgrepet rommar alt som er basert på naturprodukt, kort for biologisk. Line Bjelde i Sogn Næring hadde ein svært god gjennomgang der ingrediensane i Sogn vart forklart og gått gjennom, og der ho på ein svært overbevisande måte peika på korleis dette er Sogn sitt bidrag til å løyse dei utfordringane som Vestland, Noreg og verda må finne dei nye løysingane på i åra som kjem. Om me trur på at Sogn kan ta ein posisjon av betydning på dette feltet, så vil ein måtte jobbe internasjonalt og saman med dei fremst miljø i verda frå dag 1. Difor vert namnet på engelsk alt frå starten. 

Kaupanger er med

Tilbakemeldingane etter presentasjonen med medlemmane i næringsforeninga var, som venta, god. Saman med eit framoverlent næringsliv på Kaupanger, er vi klare til å ta fatt på arbeidet med å etablere Sogn som ein føregangsregion innan sirkulær bioøkonomi.