Vil du bu i Noregs første og finaste mikrohuslandsby?

Inst inne i Lustrafjorden ved foten av Jotunheimen sine mektige fjell, i enden av Edens Hage, kan du no laga deg eit eventyrleg år.

Torill Bye Wilhelmsen vil dela det gode livet i Skjolden med fleire. Foto: Torill Bye Wilhelmsen

– Både Skjolden Bygdalag og Luster kommune er heilt fantastiske. Aldri før har eg opplevd slik entusiasme, engasjement og støtte, fortel Torill Bye Wilhelmsen.

Ho kom flyttande med familien for to års tid sidan, bergteken av det gode lokalsamfunnet og dei korte avstandane til naturen og sosiale møteplassar.

No vil ho at fleire skal få oppleva å bli tekne imot på den same gode måten, og få lov å leva det same gode livet ved enden av Sognefjorden.

Prosjektleiar for Prøvebu-prosjektet til Skjolden Bygdalag

Det heile starta med at Skjolden bygdalag engasjerte Torill som prosjektleiar for eit tilflyttingsprosjekt for bygda. Ho var akkurat komen flyttande med heile familien frå Vågå til hytta på Skjolden, hytta som dei hadde brukt flittig dei siste fire åra.  

Skjolden Bygdalag ynskjer velkomne til bygda. Foto: Skjolden Bygdalag.

Bygdeutviklingsmidlane kom frå Luster kommune, ei tilskotsordning kommunen har for å støtta alle bygdalaga i kommunen, inkludert Skjolden. Skjolden bygdalag inviterte til folkemøte for å finna ut kva pengane kunne gå til. Der var det ynskje om å få gjort noko med tomtesituasjonen, prøva å gjera Skjolden meir synleg og å få fleire tilflyttarar.

Spennande tankar som var midt i interessefeltet til Torill som har jobba med kreative prosessar, gründerar, næring - og prosjektutvikling i si eiga verksemd Fjellflyt i årevis.

– Me fann ut at me ville laga ei slags pakkeløysing for å kunna prøva å bu i bygda, og prosjektet fekk det fengjande namnet «Prøvebu Skjolden». Idéen vart rett og slett å laga ein låg terskel for å kunna prøva å leva livet ein annan stad.

– I Skjolden ville me ha fokus på kvalitetane til lokalsamfunnet, heller enn økonomiske insentiv som me ser fleire andre kommunar og regionar nyttar i sine tilflyttingsprosjekt. Me ville samstundes at det skulle vera uforpliktande å prøva å bu i Skjolden, at bygda skal på ingen måte vera ein einvegsbillett, det skal vera heilt ok å reisa att om eit års tid.

Arbeidet starta med å kartlegga ledige hus i bygda, etablera eit opplegg for å ta godt i mot nye tilflyttarar, og å prøva å finna ut kor stor marknaden er for dei som kan tenkja seg å bu i Skjolden. 

Og med det vart bygdavertane etablerte. Bygdalaget skal by på ein varm bygdavelkomst med hjelp til å finna hus, jobb, eit sosialt program og eigen bygdavert for hjelp til smått og stort, gjerne matcha ut frå interesser og familiesituasjonar.

–  Det er veldig fint å ha nokon på innsida som kan hjelpa til. Det gjer det enklare å finna seg til rette.

– Vidare starta bygdalaget ei kartlegging gjennom ei lita sak på si eiga nettside, samt å høyra litt rundt i eigne nettverk om dei kjende nokon som hadde eit ynskje om å koma flyttande.

– Me trudde at det kom til å vera vanskeleg å finna folk, men det rann inn med henvendingar, fortel Torill. På kort tid hadde ho 30 namn på blokka.

Det einaste som mangla var ledige bustadar.

– Bygda har eit stort bustadproblem. Me treng fleire bustadar. Det var eit klart funn i Prøvebu-prosjektet til bygdalaget.

Då starta dei å tenkja alternativt.

– Eg har lenge vore interessert i mikrohus og livsstilen kring det å bu lite og minimalistisk. Difor leigde me eit mikrohus av Norske Mikrohus AS, og som eit stunt knytt til Prøvebu-prosjektet la me ut ei annonse på Finn.no om at no kunne folk få Prøvebu Skjolden i eit mikrohus. Om lag 12 000 personar såg annonsen i løpet av dei første månadane, og om lag 1000 personar klikka på annonsen meir enn ein gong, som er eit heilt fantastisk resultat, smiler Torill.

Og med det vart grunnlaget om ein heil mikrohuslandsby lagd.

Det første mikrohuset i Skjolden. Foto: Torill Bye Wilhelmsen

Eplehagen mikrohuslandsby

– Det er fleire grunnar til å satsa på mikrohus. Mikrohusa er for dei som ynskjer å leva enkelt med få ting. Med eit lågare forbruk av straum og færre byggemateriale, vil eit mikrohus også vera miljøvenleg.  Samstundes må du vera minimalistisk, for eit hus på 30 m2 har ikkje plass til mykje møblar, ting og utstyr.

Med ein kjøpspris på om lag ein million kroner, er mikrohusa eit budsjettvenleg alternativ til tradisjonelle hus.

– Det finaste med å bu i eit mikrohus er nettopp det som ikkje følgjer med: Det store bustadlånet, det langsiktige ansvaret, dei materielle tinga som skal haldast styr på, og dei mange vedlikehaldsoppgåvene, smiler Torill.

Ny mikrohus-modell

– Me har skreddarsydd ein heilt ny mikrohus-modell som er perfekt for å bu i i ein mikrohuslandsby. Huset har to soverom på grunnplan og på hemsen er det mogeleg med to små rom i tillegg. Den nye husmodellen eigner seg ypparleg for 1-3 personar, både einskildpersonar, par, folk med born og godt vaksne.

Det første mikrohuset er på plass, tomten har nydeleg utsyn over Eidsvatnet og det er fleire interessentar på blokka som gjerne vil bu der. Målet er at mikrohuslandsbyen kan vera innflyttingsklar til sommaren.

Kombinasjonen av å bu rimeleg med korte avstandar til flott natur er attraktivt for mange.

– Mikrolandsbyen skal by på felles fasilitetar som opphaldsrom, bod, carport, utegrill og ikkje minst at ein kan ha eit fellesskap med andre som har like verdiar som seg sjølv. Det er flotte folk med gode verdiar som er interesserte i denne livsstilen. Kanskje nokon vil prøvebu ein periode, medan andre gjerne vil bu slik over lenger tid, smiler Torill.

No er Torill engasjert av Norske Mikrohus AS til å vera prosjektleiar for å utvikla mikrohuslandsbyar i Noreg med Skjolden som pilotprosjekt. Kommunen er ein viktig støttespiller.

Skjoldingane er positive og vil vel

Torill fortel om positive og gode reaksjonar frå bygdafolket til mikrohusprosjektet. 

 – Det har berre vore overstrøymande positivt. Folk tykkjer det er spanande med eit så lite hus, og ein heil landsby av dei, og ynskjer alle nye Skjoldingar velkomne til bygda, seier Wilhelmsen.

Ynskjer du deg eit eventyrleg år i enden av Sognefjorden? Foto: Torill Bye Wilhelmsen


Skjolden - ein plass med utsikt, laga for innsikt

Det var i Skjolden filosofen Wittgenstein fann arbeidsro. Han bygde seg eit hus heilt for seg sjølv, på ei utilgjengeleg berghylle i bratt og ulendt terreng inst i Sognefjorden. Huset er freda, og er eit kulturminne om utviklinga av samfunnet. No kan du gjera som Wittgenstein og jobba remote frå Skjolden. På Fjordstova ved fjøresteinane får du moderne kontorlokale og eit spennande kollegialt miljø, symjebasseng, klatrevegg, skytebane, styrkerom og til og med ein liten kino. Tett ved er flott fotballbane, volleyballbane og badestrand.

Les meir om Skjolden.

 
Lisbeth Bringebøen