Drøymer om eit liv i Sogn

– Me vil så gjerne til Sogn. Me er fullstendig bergtekne av regionen, og ynskjer å koma tettare på naturen. Draumen er å la dei to borna våre få veksa opp i fjellet, på fjorden, og i skogen, med kortreiste friluftseventyr. For oss er dette mektige naturopplevingar.

Daphne (33) og Michiel Schepers (35) med Emma (4) og Jesse (3). Foto: Privat.

Det fortel ekteparet Daphne (33) og Michiel Schepers (35) frå Nederland.

Dei har feriert i Noreg fleire gonger. I 2007 reiste dei til Tromsø og Nordkapp og fekk sjå nordlys for første gong. I fjor gikk turen til Bergen og Aurland. Og det er hit dei så gjerne vil attende.

– Me leitar etter jobbar i Sogn. Kanskje du kan hjelpa oss litt? Stod det i eposten til Sogn.no.

Kven har jobb til ein byggingeniør og ein sjukepleiar?

Daphne og Michiel fortel, på ei blanding av god norsk og flytande engelsk, at dei har kontakta fleire relevante verksemder, men framleis ikkje fått napp. Norsk har dei lært seg gjennom språkappen Duolingo, og spesielt Daphne, som gjerne vil jobba med turguiding, er allereie på eit imponerande nivå.

– Eg ser føre meg å jobba med turguiding. Kanskje med dyr, på båt, hjå turistattraksjonar med zipline, via ferrata eller liknande. Eg er fleksibel i val av arbeid, og det er så mykje eg har lyst til, smiler Daphne.

Ho er utdanna sjukepleiar, og har jobba med kardiologi på eit større sjukehus i fire år. Kompetanse som kjem godt med også som guide. Ho er og utdanna massør, og har tidlegare hatt eigen praksis.

–Michiel må få jobb først, han er byggingeniør med spesialisering i byggjeplanlegging og vedlikehald av ulike stål- og betongkonstruksjonar som veg, bru, tunnel og togskinner. Eg er litt meir fleksibel, seier Daphne.

Felles for begge er at dei svært gjerne vil vera meir utandørs. Både på jobb og i fritida.

– I Nederland er ikkje naturen tilgjengeleg. Det er gjerde kring skogen, og me må reisa langt for å koma til område der me kan gå fritt i naturen. Slik er det ikkje i Sogn, og det er difor me så gjerne vil flytta hit, fortel Michiel.

– Draumen er å berre kunna gå ut døra, rusla ned til sjøen eller inn i skogen og opp på fjellet, utan å planleggja mykje eller reisa langt. Jesse og Emma på tre og fire år likar å ri, sykla, symja og berre leika utandørs.

Dei ynskjer å gje borna ein friare oppvekst, og å sjølve leva livet tettare på ekte og rå natur.

– Dette er veldig kjekke aktivitetar, men samstundes er det organiserte aktivitetar. Me har ikkje uorganiserte aktivitetar eller nærleik til naturen i Nederland. Her er det asfalt og bilar over alt. Naturen er lukka, liten og utilgjengeleg, og ikkje minst konstruert. Slik er det ikkje i Sogn.

Til og med borna er starta å læra norsk

– Dei kan å seia «auge, øyrer, nase» og ulike dyrenamn, fortel Daphne. Og born er svært tilpassingsdyktige, og også ein fin inngongsbillett til å få ta del i lokalsamfunna med aktivitetar kring dei små. Me trur det skal bli kjempefint å flytta til eit anna land.

Alle fire er klare for sitt livs eventyr

– Me kjem til Sogn den 15. mai og blir til 24. mai. Me håpar me får sett opp eit møte eller fleire med potensielle arbeidsgjevarar, og håpar nokon er interesserte i oss og vil ta ein samtale, smiler dei.

Sjå Michiel og Daphne sine profilar på LinkedIn og ta gjerne kontakt med dei.

Lisbeth Bringebøen