Verdas beste matematikkspel blir utvikla frå Sogndal

– Me kom akkurat i mål med ein kandidat i denne runden, ein heilt annan profil enn det me eigentleg såg føre oss, smiler Kristoffer H. Engebø, gründer og dagleg leiar i Eduplaytion.

Saman med nærmare 40 spelutviklarar og matematikklærarar, utviklar han mattespelet Numetry som me skal gjera læring til ein leik. No har han nettopp hatt ei salsstilling ute, og tilsetjinga gikk raskt. Det er attaktivt å få jobba med utvikling og teknologi i samspelet mellom næringsliv, akademia og kommune. Det er også eit frynsegode å ha kontorplassen sin hjå Sogndal sitt eige high-teck episenter, Rockethouse.

Pedagog i Numetry Håvard Tjora og Kristoffer H. Engebø, gründer og dagleg leiar. Foto: Eduplaytion.

– Målsetjina er sjølvsagt at me skal veksa oss store.  No er prioriteringa å sjå til at salsteninga held fram med å auka. Det gjer ein ved å få få fleire kommunar, skular og foreldre til å nytta betalingsversjonen av mattespelet vårt, fortel Kristoffer. Som lærar på ein barneskule i Bergen såg Engebø at elevane sleit med matematikk. Korleis kunne han hjelpa dei til å læra betre? Idèen om eit digitalt alternativ til skuleboka var født, og med det mattespelet Numetry, Etter fleire år i oppstartsmiljøet i Bergen, er no verksemda lokalisert i Sogndal.

I Sogn finn ein løysingane saman

– Det skjer ting her. Folka har ei “yess! Dette får me til”-innstilling. Det er inspirerande. Eg opplever Sogn som ein plass med folk som torer å satsa, og det er god tilrettelegging for dei som kan og vil. Det er dette me er komne for å vera ein del av, smiler Kristoffer.

Korte avstandar mellom dei som tek avgjerder

– Det er god dialog mellom næringslivet, akademia og kommunen, og aktørane er opptekne av å spela kvarandre gode. Ikkje alle møta gjev fruktbare resultat umiddelbart, men det at me veit om kvarandre og kjenner kvarandre, er eit stort føremon.

– No når me skulle lysa ut salsstillinga, ringte me Christian og Cecilie som kunne hjelpa oss med stillingsutlysing i videoformat. Dei leverte videoen til høgre på berre ein dag, skryter han.

Funne seg godt til rette også privat

– Me flytta til Sogndal i august, og eg og familien har funne oss godt til rette. Me møter så mykje kjekke folk, og førebels trivest me særs godt på nedre Kjørnes, fortel Kristoffer.

Eduplaytion vart i november 2021 prisa til ein verdi av 125 millionar.