– Fresvik ventar på deg med opne armar

Er du òg ein av oss som drøymer om å starta noko, noko annleis, helst ved den djupe fjorden og dei stupbratte fjella? Kanskje finna ei litt uoppdaga og urørd perle ein stad, med korte avstandar til mektige eventyr og opplevingar til å bli bergteken av. Samstundes som dette noko ikkje er alt for langt frå by, bygd og yrande folkeliv.

Og du vil gjerne gå inn i dette noko med alt du er og alt du har.

Utan at det treng å kosta skjorta.

Tenk om du fann ein slik stad. Kanskje med nokre rom til gjestene dine, med god plass til syklar, kajakkar, telt, primus, ski, fiskestenger, stegjern, isøks og anna utstyr som er essensielt når ein skal ta føre seg av mektige naturopplevingar. Kanskje er det eit reiselivseventyr du drøymer om med guiding på sykkel, til fjords eller på ski? Ein lodge med glade turistar samla kring gode måltid, felles opplevingar og deling av skrøner frå levd liv og den draumen me ber på om at noko vedunderleg skal skje?

Kanskje litt av alt dette. Nok til å skapa din eigen arbeidsstad – og livet du helst vil leva.  

Rett og slett eit tilbod du beint fram ikkje kan stå i mot. Kva om du fann ein slik stad, som berre står der og ventar på deg, ventar på at nett du skal gripa sjansen?

No er sjansen her.

– Grip denne sjansen i dag til å skapa noko fantastisk i dette vakre hjørna av verda, seier Therese Bøthun. Ho har vakse opp i Fresvik, og kan ikkje få fullrost bygda nok. Berre sjå her:

Du finn Fresvik i ei lita bukt på sørsida av Sognefjorden. Rett ved bygda går innløpet til Aurlandsfjorden, med Nærøyfjorden innerst inne. Nærøyfjorden er den vakraste og villaste av sidearmane til Sognefjorden, og står på UNESCO si verdsarvliste. Det er knapt ein stad der fjella stuper i fjorden som her. Med fjord i nord, fjell i vest og i aust, og med Fresvikbreen i sør, er du midt i smeltedigelen av naturlege herlegdomar.

Klarar du framleis ikkje heilt å plassera Fresvik på Norgeskarten? Om du er glad i festival, har du garantert høyrd om musikkfestivalen Fresn, kjend som ein av dei aller trivlegaste festivalane i Norge. Fresn finn du nettopp her i Fresvik.

 

Kva får du?

Rammene for å skapa noko er eit flott bygg rett ved fjorden. Bygget har 10 leiligheiter på 30-60 m² og ein totalstorleik på 860 m². 190 m² av dette er kjellar med bodplass. Elles får du både felles kjøken, stove og opphaldsrom.

4 kjappe om Fresvik

  • 200 innbyggjarar

  • Butikk, skule, barnehage, bibliotek, treningsrom

  • Skytebane, fotballbane, sandvolleyballbane, ballbinge, buldreanlegg

  • Uppdaga eldorado for toppturar, stisykling, friklatring, padling og vatnsport

Når fantasien knapt kan setja grensene

Gjestehus, restaurant, kafe, yoga-kurs, skifestival, vandrefestival, musikkfestival, kokkekurs, fisketurar, kattehotell, hundepensjonat, mikrobryggeri. Kanskje du har fleire forslag til kva som kan skapast berre du får sjansen? Og me kan lova deg ein kommune og eit næringsliv som vil vera med å støtta deg på vegen og heia deg fram.

 

Framoverlent næringsliv i Vik kommune

Skiskyting, fotball, teknologi, kraft og industri - og festivalar for å heidre både gamalosten og bringebæret. Dugnadsarbeid, entusiasme og vilje frå bygdefolket og idrettslaget får fram utøvarar og verksemder i verdsklasse. 

Fresvik produkt er hjørnesteinsbedrifta i Fresvik med om lag 45 tilsette. Basert på modular, skreddersyr dei kjøle- og fryserom for både butikk, næringsmiddelindustri, institusjonar, storkjøkken, skip og offshoreinstallasjonar, og dei er stadig på jakt etter folk. I kommunesenteret 35 min køyretur frå Fresvik finn du kraftselskapet Sognekraft som syter for kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv, teknologiselskapet Highsoft som har over 80 av dei 100 største verksemdene på Fortune 500-lista som kundar, og einaste gamalostfabrikken i landet. Den faste muggosten nesten utan feitt, salt og tilsetjingsstoff og med heile 54 % protein, har røter heilt attende til vikingtida. Kan henda gamalosten er løyndomen til korleis vikingane vart både sunne og sterke, og kunne legga verda for sine føter? Les meir om Vik her.

Gratis rettleiing og hjelp til bedriftsetablering og forretningsutvikling

Sogn Næring vil hjelpa deg i gang. Det kommunale næringsapparatet til Sogndal- og Vik kommune har eit breidt nettverk og kjennskap til ulike satsingar i regionen, og vil gjerne gje deg gode råd om kven du bør snakka med, faglege- og sosiale arrangement du kan delta på og hjelp til å finna støtteordningar og fond du kan søkja på. Sogn Næring er opptekne av du ikkje skal bli åleina med spørsmåla og utfordringane dine, men tvert om få eit fellesskap, bli del av samarbeidet og nettverksbygginga for oppstartsbedrifter i regionen, og ta del i møta mellom nye og etablerte bedrifter. Kommune, region og nærmiljø vil gje deg alle føresetnader for å du skal lukkast med idèen din.

Leiga eller kjøpa?

Bygget

  • Byggeår:  1994

  • Storleik: 860 m².

  • Fellesareal på 90 m² i 1. etg, og ein kjeller er 190m²

  • Tal leilegheiter:  10 stk på mellom 30m² – 60m² 

  • 1. etg./kjeller inneheld mellom anna kjøken, fellesstove og opphaldsrom, samt rikeleg med boder.

Du får leiga heile eigendomen til ein gunstig pris. Du må dekka kommunale utgifter og straum, samt andre faste kostander. Har du den rette satsinga og drivkrafta, kan denne perla bli di for alltid. Kanskje er det lurt å prøvebu eitt år eller to først? Uansett kva du ynskjer, velkomen!



Synfaring?

Huset er ope til synfaring under Fresn 27.-29. juli. Bruk denne gyldne anledningen til å ta ein tur til Fresvik, sjå bygda, naturen og kjenn på den gode stemninga. Sogn Næring er til stades og tek gjerne ein prat med deg. For lenge å venta? Huseigar er tilgjengeleg heile juli for omvisning av bygget.

Frista? Legg att eposten din, så sender me deg kontaktinformasjon. Heilt uforplikta så klart!