Fresvik – ein god jobb og eit godt liv

Siv , Marie, Elena og Gyda ynskjer velkommen til Fresvik og har fleire jobbar å tilby. Foto: CogC

Vil du jobba på skulen, i barnehagen, på butikken eller hjå Fresvik Produkt? No har du sjansen til å få leva ut draumen om eit liv i den idylliske fjordbygda Fresvik.

– Skal me få folk i bygda lyt me gjerne tilby jobb til begge to, og det kan me, smiler Gyda Bøtun.

Gyda er dagleg leiar i Fresvik Produkt, hjørnesteinsbedrifta i Fresvik med om lag 45 tilsette. Basert på modular, skreddarsyr dei kjøle- og fryserom for både butikk, næringsmiddelindustri, institusjonar, storkjøkken, skip og offshoreinstallasjonar, og dei er stadig på jakt etter folk.

– Me har stadig ledige stillingar for både fagarbeidarar og ufaglærde. Stillingane er varierte, og verksemda er i full gang med robotisering på fleire område, noko som medfører både endringar og nye, spanande arbeidsoppgåver, føyer produksjonssjef Siv Settevik til.

– Det viktigaste er at du er interessert i produksjonsarbeid, er lærevillig, har «ståpå» vilje, likar å jobba i lag med andre og held på humøret sjølv i hektiske periodar, seier dei to blide damene.

– I tillegg til produksjonsmedarbeidarar er me ute etter ein reinhaldar i om lag 40 % stilling. Me veit og at det blir ledig ein 40-50 % stilling som reinhaldar i barnehagen/skulen snart, det er såleis mogeleg å få tilnærma full stilling også som reinhaldar, fortel dei.

– Me har ein aldrande arbeidsflokk. Me trivst i jobbane våre, få sluttar før me skal ut i pensjonisttilværet.

Lærar i eit godt fagmiljø 

Marie Stensholt Bøtun er rektor på Fresvik Enspire-skule på fjerde året, og er på leit etter ein allmennlærar eller grunnskulelærar.

Barnehagen og En Spire-skulen. Foto er teke før utvidinga starta. Foto: Bjarne Bjørkevoll.

– Me har eit relativt stort arbeidsmiljø med ti tilsette i den kommunale barnehagen og i den private barneskulen som er samlokalisert. Samtidig er me få nok til at det er lett å snu seg rundt om det dukkar opp initiativ til nye entreprenørskapsprosjekt me vil vera med på, eller om vêret blir så flott at me heller tek ute-skule ein dag me skulle vore inne. Det hadde me ikkje fått til om det ikkje var vilje til det hjå alle tilsette, smiler ho.

Fresvik Enspire Skule og Fresvik Barnehage.

Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen følger den nasjonale læreplanen og er godkjend av Utdanningsdirektoratet for 30 elevar på 1. – 7. trinn. Skulen er for alle, og tek ikkje foreldrebetaling.

– No lagar me blomsterkassar for Fresvik Produkt, fortel Marie. Det er elevane som er med og bestemmer kva me skal bruka dei tre timeplanfesta timane i entreprenørskap i veka til. Det kan vera å undersøkja noko, forska på noko, byggja eller laga noko. Alle forslag og initiativ frå elevane, bygda og verksemdene set me stor pris på, og me nyttar nysgjerrigper-metoden i faget, forklarar Marie.

Det er Noregs forskingsråd som er ansvarleg for Nysgjerrigper. Hovudmålet med Nysgjerrigper er å oppmuntra born og unge til å ta vare på og å dyrka nysgjerrigheita si, forskartrongen og ikkje minst fantasien.

– Eg ser faktisk berre føremoner med at me er ein liten skule, smiler Marie. Ho er sjølv oppvaksen i Tønsberg og har ikkje tidlegare hatt særleg erfaring med små skular. 

– Det at me har klassar som går på tvers av fleire årstrinn er ein kjempefordel for borna. Dei har alltid nokon å strekka seg etter, og dei lærer samarbeid på ein heilt annan måte. Ikkje minst får dei ein veldig fin overgang når dei må flytta på hybel for å gå på vidaregåande skule i Sogndal, slik dei fleste frå denne sida av fjorden må. Då er det klart at det er ein fordel å kjenna nokon som allereie har vore der eit år, smiler ho. – Mellomtrinnet på 5-7. klasse lærer mellom anna matrettar som er fine å laga på hybelen. Når dei blir så godt forberedde, lukkast dei på ein betre måte i denne overgangen i livet, fortel ho.

– Det er heilt grunnleggande for bygda at me har skulen. Det at me har ein skule som ikkje lenger er nedleggingstrua, betyr alt for bygda vår, for heimflyttarar og potensiell rekruttering. Berre sidan skulen vart privat har Fresvik Produkt rekruttert 3-4 familiar til arbeidsstokken vår og som har flytta hit. Me er faktisk i vekst, og barnehagen er under utviding, skryter Gyda.

Fleire ledige stillingar ute

I tillegg til lærar i barneskulen, produksjonsmedarbeidar hjå Fresvik Produkt, reinhaldar same staden og reinhaldar i barnehage/skule søkjer også butikken etter ein person i deltidsstilling.

Den lokale matbutikken, Coop Marked er på jakt etter ein person som likar å jobba med kundeservice, likar praktisk arbeid og bidreg til å skapa dei gode møta med kunden.

– Me håpar at summen av dei ledige stillingane kan treffa eit par eller ein familie eller to som ynskjer å flytta til Fresvik.

– Me må vera ærlege på at det nok er enklare å koma hit som familie eller par, og kanskje med ei eller anna tilknyting til plassen gjennom slekt eller familie. Det er nok ikkje berre berre å koma hit heilt aleine, kanskje som singel i 20 årene og kanskje frå eit anna land. Me har eit sterkt organisasjonsliv, mellom anna gjennom idrettslag, musikk-korps og helselaget, som prøver å inkludera alle. Likevel kan det vera utfordrande å finna fritidsaktivitetar som passar for alle. Men Fresvik ønskjer sjølvsagt alle velkomne hit! Og å ha sans for dugnad og felles innsats er kjekt, då dugnadsånda står sterkt i Fresvik. Verdt og nemna er det at Fresvik er internasjonal, då me har svært mange ulike nasjonar buande i bygda heile året, og i sommarhalvåret aukar det med mange sesongarbeidarar, fortel Gyda.

Sjølve har dei tre ulike utgangspunkt for å ha hamna nettopp i Fresvik

Marie er frå Tønsberg, og flytta til Fresvik for tre år sidan då sambuaren tok over familiegarden frå foreldra sine. Som 27-åring landa ho jobben som rektor på skulen.

Gyda er født i Fresvik men var ute av bygda for å studera og jobba i fleire år før ho kom attende til Fresvik i 1988 den gongen som nytilsett økonomisjef. Siv har budd heile livet sitt i Fresvik, med unntak av åra ho tok utdanning. Etter nokre år med sommarjobb i verksemda vart ho fast tilsett, og legg kjapt til:

– Og her blir eg.

Trivsel og eit godt liv

I Fresvik er det møteplassar for dei som likar å strikka, dei som likar å spela i korps og dei friluftsinteresserte, med fleire turpostar kringom i bygda og fjella rundt. Idrettssenteret har eige klubbhus og idrettsbane, i tillegg til eige treningsrom som er ein naturleg møteplass for mange. I tillegg blir det jobba med årlege arrangement i bygda.

– Me arrangerer Mensen Ernst minneløpet kvart år. IL Modig trur på meistringsopplevingar og på å sprenga eigne grenser. For mange er dette å ha på seg eit startnummer når startskotet går. Siste helga i juni har me lagt alt til rette for at ALLE skal kunne vera med. Unge og eldre, erfarne og uerfarne. Her er alle like store vinnarar.

Noregs trivelegaste musikkfestival går også av stabelen i Fresvik kvart år; Fresn. Frå å vera ein festival med heimesnekra toalett og utan vakthald, er Fresn i dag ein heilprofesjonell festival med plass til både dei store, kjende artistane og dei som først blir oppdaga og populære om nokre år. 

Hjelp til å finna bustad

– Det er i Fresvik som i dei fleste mindre bygdene enklare å finna noko å leiga enn å finna noko å kjøpa, fortel Gyda. Det ligg nok ikkje så mange eigendomar eller hus på Finn, men det å finna bustad hjelper me gjerne til med, og det syner seg at det som oftast ordnar seg, fortel dei.

Bilete oppe frå venstre: Mensen Ernst-løpet, Fres Festival av Siv Settevik, Vinterbilete frå Nonhaugen av Sigbjørn Bøtun. tre sommarbilete av Fresvik, og det siste frå Skomakarnipa av CogC.


Ei levande bygd

Fresvik er ei aktiv jordbruksbygd. Lunt og vendt mot fjorden ligg grøderike gardar der bøndene i dag driv husdyrhald med sau og kyr, samt frukt- og bærdyrking. Finn du ikkje arbeid i bygda, kan du køyra dei 35 minuttane til kommunesenteret Vik. Her finn du kraftselskapet Sognekraft som syter for kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv, teknologiselskapet Highsoft som har over 80 av dei 100 største verksemdene på Fortune 500-lista som kundar, og einaste gamalostfabrikken i landet. I tillegg er det ein del stillingar i helsesektoren som er interessant for fleire i Fresvik å pendla til. Eller du kan starta di eiga verksemd i Fresvik, slik kommunikasjonsselskapet CogC har gjort.

Fresvik, VikLisbeth Bringebøen