Noregs mest populære turistattraksjon
Me kjem ikkje utanom Noregs mest populære turistattraksjon i ein presentasjon om Aurland. Flåmsbana er vidgjeten, og er fleire gonger kåra til verdas beste togreise. Den 20 kilometer lange togturen syner norsk natur på sitt vakraste og mest storslåtte og er eit meisterverk av norsk ingeniørkunst. Flåmsbana er ei av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor med dei spektakulære vendetunellane som går i spiral inn og ut av fjellet. 18 av dei 20 Flåmsbane-tunnelane er bygde for hand.
Aurlandsdalen, er minst like mektig. Dalen der det veks vill rabarbra, og har ein sjeldan flora med mellom anna Fjelldronninga, ei av dei vakrasta fjellblomane i landet. Nærare 500 plantesortar finst i dalen som er eit eldorado for både blomsterelskarar og naturglade. Dalen der stupbratte fjell kastar seg loddrett ned i djupe elvegjel. Små bekkar og mektige fossar – nedlagde gardar og gamle stølar. Ei av desse er Sinjarheim, garden som ligg høgt og fritt på eit høgdedrag med gjel, juv og fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnaden er dramatisk har det budd folk her i lange tider. Garden vart fråflytt i 1922, men vart i 1988 restaurert av Fortidsminnesforeningen og no brukt som støl av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.
Men Aurland er langt meir enn eit attraktivt reisemål.