I ein avstikkar på tre km frå riksveg 5 finn du Mundal, sentrum av Fjærland med skule og barnehage, butikk, hotell, turistinformasjon og bokby. Den norske bokbyen er den første i Skandinavia og den 8. i verda med sine 150 000 bøker frå eit titals særprega utsal.
Med plassering midt mellom Skei og Sogndal, kan du pendla til private- og offentlege arbeidsstadar i både Sogn og Sunnfjord. Eller du kan skapa din eigen arbeidsstad i fjordbygda Fjærland.
Dei 275 innbyggjararne ynskjer tilflyttarar velkomne, og lovar eit bu- og oppvekstmiljø som fyller både vaksne og born med meining og meistring. Else Mundal, bulystkoordinator i Fjærland bydalag, tek gjerne ein uforpliktande prat med deg som er interessert i å bli Fjærlending.