Ta med deg jobben
Treng du å komme deg litt vekk? Ta med deg PC, skiutstyr og koffert med klede til Sogn. Eller ta med deg heile flyttelasset – «ute til lunsj» får ei heilt ny tyding.
Rundt om i Sogn finn du kontorfellesskap der du kan jobbe saman med andre, anten du er her nokre dagar eller vil bli verande. Vi veit at det kan vere vanskeleg å sleppe taket i ein god jobb, men du treng kanskje ikkje det. Ta med deg jobben, og jobb herfrå.
Her finn du ei oversikt over moglegheitene.
FuS - kontofellesskap i Sogn
Her i Sogn finn du kontorfellesskap i fleire av kommunane, samla under ei felles merkevare som gjer det enkelt å booke plass.
Du kan velje drop-in når du er på ferie og treng nokre timar arbeid, eller sikre deg fast plass dersom du vil vere ein del av eit sosialt miljø med andre som jobbar remote.
Alle kontorfellesskapa har ledige plassar og kan ta imot deg same dag, og drop-in kan du booke direkte på nettsidene våre. Vi veit at det kan vere vanskeleg å sleppe taket i ein god jobb, men har du lyst til å flytte til Sogn som er ein fantastisk stad å bu kan du rett og slett ta med deg jobben og jobbe herfrå.
Fleire stader å jobbe frå
I tillegg til FUS finst det fleire lokale kontorfellesskap rundt om i Sogn. Kvar stad har sitt eige preg, så her er det berre å finne den som passar deg.
Årdal
Oppøve
Kontorfellesskap midt i Årdalstangen sentrum, med drop-in, faste plassar, klippekort og møterom. Dei har også ei leilegheit til korttidsleige, så du kan bu og jobbe på same stad.
Studentstova
Gründerparken
Kontorfellesskap i Gründerparken for gründerar og oppstartsbedrifter med vekstpotensial, tett på eit avansert teknologimiljø. Her får du fleksible leigeløysingar, møterom, sosiale rom, kantine og faglege og sosiale arrangement.
Studentstove
Gratis leseplass for studentar i Årdal Teknologi- og Næringspark. For deg som bur her eller er heime ein periode, med arbeidsro og eit lite studentmiljø.
Studerer du? Ta med deg studiet heim
Studentstovene blir drifta av Sogn Kompetanse, og er eit gratis tilbod til deg som er student, anten du bur i Sogn eller er heime ein kortare eller lengre periode.
I dag finst det studentstover i Vik, Årdal, Aurland og Lærdal.