«Kaupang» er frå norrønt, og sett saman av orda «kaup» som tyder å kjøpa, og av «angr» som er fjord eller hamn. Berre sjå føre deg vikingskipa trygt fortøydde i Amlabukti, med Kaupanger Stavkyrkje, den største av dei alle, ruvande i terrenget bakom, med eit yrande folkeliv med kjøp og sal av lokale og eksotiske varer. Frå gammalt av var fjorden viktig både som matfat, næringsveg og ferdselsåre, og var ein føresetnad for levemåten og busetnaden i Sogn.