Vil du bli leiar i ei levande bygd?
Ja, vi ser etter ein driftig operativ leiar som har blikk for optimal ytelse. Men det aller viktigaste er kven du er som person, ikkje kva du har på CV-en. Vi byggjer organisasjonen basert på folk som tek ansvar, bryr seg om andre og får ting til å skje.
- Kim Eriksen, administrerande direktør, Infraplast
På Lærdalsøyri i Sogn ligg ei industriverksemd som husar rundt 30 driftige fagfolk. Frå ei bygd med 2200 mennesker leverer dei kabelvern og rør til heile landet, og konkurrerer med store aktørar i Europa. Det gjer dei ved å bruke resiurkulerte råvarer som sitt konkurransefortrinn.
For tre år sidan fantes ikkje denne verksemda her i Lærdal.
– Det var litt eit vilt opplegg å få vera med på starten av infraplast i Lærdal. Frå eit gamalt fabrikkbrygg, der vi reiv ut veggar og sette i gong med produksjon. Det er berre tre år sidan, mykje har skjedd på den tida, fortel Terese Tvedterås, logistikkmedarbeidar hos infraplast.
Tvedterås har vore med på oppbygginga av sidan starten, etter fleire år med karriere i Norsun i Årdal. Gjengen som jobbar på fabrikken er engasjerte og dyktige, fortel ho. Med eit kollegium med med god blanding i alder og kompetanse blir det spennande arbeidsmiljø, og god sosial dynamikk. Mange er frå Lærdal, og fleire pendlar frå nabokommunane. Det er eit godt sosialt miljø, som legg til rette for at dei tilsette kan utvikle seg og engasjere seg, fortel ho.
Hardingen Tvedterås traff ein lærdøl, og vart verande i bygda. Det har ho aldri angra på.
– Lærdølene har ein sosial innstilling om at ein skal invitere med dei nye som flyttar hit. Dei er opne og velkommande, og det er låg terskel for å invitere med venners venner når noko skjer. Her kan ein leve eit godt og variert liv.
– Når eg fyrst kom til Lærdal, var det som å vera på ferie. Lærdølene er litt slik: Du er ny her, vil du vera med? Veldig inkluderande folk.
Elisabet Tvedterås, logistikkmedarbeidar, infraplast
Produksjonsdirektør for framtida. Er det deg?
Infraplast har klare ambisjonar om å vekse vidare. No søker dei etter ein produksjonsdirektør om kan hjelpe til å ta verksemda vidare. Personen har det overordna ansvaret for all produksjon i infraplast, med hovudtyngd i Lærdal.
– Det er ein utrulig viktig rolle. Vi sloss med marknadane i Europa. Hemmelegheita ligg i detaljane, og det er utrulig mange små ting som kan påverke produksjonen. Vi søker ein produksjonsdirektør som sørger for at vi yter optimalt, og som har gjennomføringskraft, seier Kim Eriksen, administrerande direktør i Infraplast.
Infraplast tilbyr ein jobb der du tek del i leiargruppa, og speler ei sentral rolle i vidareutviklinga av selskapet. Dette er ei leiarrolle for nokon som likar å utfordre status, og lære nye ting. Ein skal bygge kultur på to ulike prodksjonslokasjonar, Askøy og Lærdal, og
– Vårt største konkurransefortrinn er at vi er gode på å ta i bruk resirkulerte råvarer med gode miljøverdiar. For å bli best på dette må vi heile tida utfordre systemet, for å vinne fram med nye løysingar for bruk av resirulert og resirulerbart materiale. Som produksjonsdirektør hos oss har ein moglegheiter for å lære mykje om konverteringsteknologien, og bidra til stadig forsking og utvikling. Det som skjer på laben hos oss er utrulig spennande, og det kjem til å vere ein viktig del av utviklinga vår vidare.
Infrplast er eit selskap som har vokst raskt, frå å vera eit familieselskap med 20 tilsette til 80 stykk i eit konsern. Veksten har skjedd basert på folka og kompetansen dei har. Det vil dei halde fram med.
– Vi ser etter ein god operativ leiar som kan ytelsesmålingar i industri. Men først og fremst ser vi etter den rette personen. Ikkje den riktige CV-en.
Lyst til å ta ein prat om stillinga? Ta kontakt
Daniel Klakegg Dvergsdal på telefon 904 79 470 eller Daniel@visere.no
Asbjørn Grini på telefon 917 94 825 eller e-post Asbjorn@visere.no
Alle søknadar vert handsama fortløpande.
Infraplast
Infraplast AS har produsert røyr og plastløysingar sidan 1963, og er ein viktig leverandør til infrastruktur- og industrimarknaden i Noreg.
Selskapet har moderne produksjonsanlegg i Lærdal og på Follese, og tok i 2022 i bruk eit heilt nytt fabrikklokale i Lærdal. Det er rundt 30 tilsette på begge lokasjonar. I tillegg er det ein lokasjon i
Produkta deira blir brukt over heile landet, og omfattar både standard røyrsystem og spesialtilpassa løysingar.
Berekraft står sentralt i drifta, med stor vekt på gjenvinning og bruk av resirkulert plast. 70 prosent av produkta er laga av resirkulert materiale.
Infraplast er sertifisert innan kvalitet (ISO 9001), miljø (ISO 14001) og arbeidsmiljø (ISO 45001).
5 ting om Lærdal
Bra folk. Omlag 2200 menneske bur i Lærdal
Bakeri-hovudstaden? Lærdal har heile tre bakeri og fleire serveringsstader og landhandlar som er opne i sesong. Sjekk ut Fredag & Fretland, Laksen bakeri & cafe, Borgund vedovnsbakeri og Sognasmak for eksmpel.
Eit rikt kulturliv. Festivalane Jordeplerock, Gytefestivalen og Kom heimatt. Eit kulturhus med konsertar gjennom året. Lærdalsmarknaden går av stabelen sommar, haust og jul.
Frukt og grønt. Lærdal er kanskje mest kjend for poteter (jordeple), gulrøter og lauk. Her dyrkast også moreller, aprikosar, lilla blomkål og andre godsaker.
Skøytebane. Ikkje berre skøytebane altså, men eit aktivt idretts- og friluftslivmiljø. Med eit mekka for jakt og fiske, og eit aktivt organisasjonsliv, kan du vere med på alt frå innebandy til Barnas turlag om du har familie. Lærdal har også sjukehus, skulle innebandyen gå over stokk og stein.
5 ting om Sogn
Industriregionen. I Sogn er det små og store industriverksemder, som gir gode moglegheiter for nettverk og samarbeid. For å nevne nokre: Årdal er den store industribastionen, med Hydro og fleire knoppskytingar. På Kaupanger ligg eit industrimiljø med 1200 arbeidsplassar og 2 milliardar i årleg omsetnad. Lerum ligg her. I Gaupne ligg print-miljøet, med mellom andre Avery Dennison NTP. Her er òg Luster Mekaniske Industri. Vik har verksemder som VikØrsta og Linnbad.
Nettverk. Sogn U40 er eit sosialt og fagleg nettverk for folk i næringslivet i Sogn (under 40 år). Dei har både leiarkurs og sosiale nettverk. Ein god stad å knyte nettverk til næringslivet i regionen.
Kunnskapsmiljø. I Sogndal ligg Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking, Innovasjon Norge og forskingsrådet. I Årdal er Sitep ein hub som skal knyte saman akademia og næringsliv.
Reiseliv og knutepunkt. Frå Lærdal er det rett over 3 timar til Bergen og 4 timar til Oslo med bil. Det går direktebuss, Næraste flyplass er Sogndal lufthamn Haukåsen, 1 time frå Lærdal.
Ein sjeldan moglegheit i ei levande bygd. For deg som likar å lære, utfordre og få resultat.
Foto: Jordeplerock/Liv Einemo & Sogn Næring/Sigrid Skjerdal