Årdal kommune
Årdal er nasjonalparkkommunen som ligg inst i verdas nest lengste fjord, Sognefjorden. I Årdal finn du eit tilflyttarkontor som kan hjelpe deg med tips til arbeidsmarknad, bustadmarknad og sosiale nettverk:
Tel: +47 92318959
E-post: astrid.ovstetun@ardal-utvikling.no
Facebook: /tilflyttarkontoret
Instagram: @tilfyttarkontoret
Me har jobb til deg!
Næringslivet og industrien går som det susar i Årdal, og me treng fleire hender i både kommunale og private verksemder. Ta gjerne kontakt med tilflyttarkontoret dersom du er på utkikk etter moglegheiter i teknologibygda. Dei har god oversikt over behova i marknaden, både stillingar som er lyste ut og det som kjem fram i tid.
Sjå Årdal kommune sin stillingsportal for ledige stillingar.
Største bedrifter
Norsk Hydro, Årdal kommune, Bilfinger, HMR Hydec, Impec, Agnitio, Årdal Energi Holding, Kleiven Sogn, Sogn Sparebank, Sparebank1 Sogn og Fjordane, Årdal Boligbyggelag m.m.
Graf: Kva jobbar folk med i Årdal?
Det skjer mykje forskjellig
Vi har mellom anna mange festivaler i fleire av kommunane våre, heile året. Musikk, friluftsliv, mat og mykje meir.
Noko du ønskjer å
vite meir om i Årdal?
Kanskje du lurer på kva skuler som finnst her, eller korleis helsetilbodet er. Kanskje du treng ny bolig, eller ønskjer å bygge deg hus.
Du finn mykje på ardal.kommune.no - eller sjekk ut linkene til venstre.