Mat- og drikke i Sogn

I Sogn har vi bugnande epletre, jordeple og gulrøter i den fruktbare jorda og sau, geit og kyr som beitar i fjella. Langs fjorden og i dalane finn du restaurantar og hotell, som gjerne brukar dei gode råvarene på serveringsfata.

Sogn er ein matregion i vekst, og Sider frå Sogn er no geografisk verna, på line med champagne og parmaskinke. Tenk det!

Vår eigen ambassadør

For å løfte Sogn til ein internasjonal mat- og drikkeregion, har vi ein eigen mat- og drikkeambassadør for Sogn. Ambassadøren jobbar i tett samarbeid med næringsapparatet, vidaregåande skule i Sogn og med næringslivet.

Ambassadøren skal jobbe for å utvikle:

👩‍🍳 Rekruttering og kompetanse

⛰️ Omdømme og merkevarebygging

🚜 Logistikk og infrastruktur

Ambassadøren skal inn i klasseromma i Sogn, og møte unge og vaksne som skal velje retning i arbeidslivet. På vegen skal ho inspirere fleire til å jobbe kreativt med gode råvarer og skape gode rettar med ressursane vi har i regionen, og knuse mytene som gjer at folk kvir seg for å velje ei karriere innan restaurant- og matfag.

Med dei rette hovuda og hendene på plass på kjøkkenet, skal vi bygge Sogn som mat- og drikkeregion.

“Historia om yrket må skrivast om. Då må både foreldre, rådgivarar og unge få høyre kva kvardagen faktisk rommar når ein vel eit yrke innan restaurant- og matfag, og ikkje lene seg på gamle myter.”

Tonje Torvanger, mat- og drikkeambassadør

Sider frå Sogn

Geografisk verna, på line med champagne og parmaskinke

Sidan 1100-talet har folk i Sogn dyrka frukt i det smale, lune beltet mellom fjorden og breane, og pressa og gjæra eplene til sider. No er Sider frå Sogn geografisk verna. Berre sider laga her kan bere namnet.

I dag held over tolv produsentar tradisjonen levande med nye sidervariantar, frå knusktørre til søte, og mange av dei tek imot gjester til smaking og gardsbesøk.

Kvifor smakar det annleis?
Frukthagane i Sogn klorer seg fast i eit tynt belte heilt nede ved vasskanten. Fjorden held på varmen, medan kalde netter frå breane gir epla ein frisk syre og ein rein, tydeleg smak. Det er denne kontrasten du kan smake i glaset, og som gjer at ingen sider frå Sogn er heilt lik ein annan.

Smak han der han blir laga

Mange av siderprodusentane i Sogn kombinerer produksjonen med gardsbesøk, smaking, kurs og arrangement. Ta turen innom eit sideri, gå ein tur i eplehagen og møt folka bak glaset. Det er den beste måten å bli kjend med Sider frå Sogn på.

Kva skjer?

Prosjektet er gjort mogleg takka vere: