Kva skjer i Sogn?

Altfor mykje, så derfor kan du velje og vrake.

Vinter

Fjellsport
festivalen

Fjellsportfestivalen i Sogndal starta i 2008 og har sidan utvikla seg til ein av dei største vinterfestivalane i landet. Festivalen samlar friluftsfolk frå heile Norden til dagar fulle av toppturar, kurs, foredrag og livleg kveldsmiljø midt i Saftbygda.

Link videre til nettside.

Sognafest

Sognafest er ein gallakveld i Sogndal som feirar det beste ved regionen Sogn med musikk, kunstnariske innslag, lokal mat og drikke, samt prisar til folk og prosjekt som løftar bygdene.

Les meir her

Vår

Kjeringi Open

Kjeringi Open er eit allsidig friluftsløp i Leikanger der deltakarar gjennomfører fire etappar: utforski, langrenn, løping og sykling, med start på toppen av Kjeringafjedle og mål ved fjorden.

Les meir her

Fjørarock

Fjørarock er ein musikkfestival i Sogndal, som går over to dagar i mai. Festivalen samlar nasjonale artistar og publikum til konsertar, fest og sosial stemning midt i sentrum.

Les meir her

Vekao

VEKAO er ein vårfestival i Sogndal arrangert av Studentsamfunnet, med konsertar, foredrag, skidag, temafester og ei rekke sosiale aktivitetar. Festivalen blir driven av ein eigen komité og har eit sterkt fokus på miljø og berekraft gjennom ordninga Grøn festival.

Les meir her

Sommar

Bringebær
festivalen i Vik

Bringebærfestivalen i Vik blir arrangert kvar sommar i august og feirar bygda sine lange tradisjonar for bringebærdyrking med aktivitetar, lokal mat og god stemning.

Les meir her til nettside.

Balejazz

Balejazz er ein sommarleg jazzfestival i Balestrand som samlar norske og internasjonale artistar til unike konsertopplevingar i fjordlandskapet. Festivalen fyller bygda med liv, musikk og god stemning kvart år i mai.

Les meir her til nettside.

Fres festival

Fres Festival er ein musikkfestival i Fresvik som starta i 2005 og blir arrangert i slutten av juli. Festivalen byr på konsertar, fjordliv og sosial stemning midt i sommarbygda.

Les meir her

Gamalostfestival

Gamalostfestivalen i Vik feirar den tradisjonsrike osten Gamalost. Festivalen skjer kvart år første helga i juni, med marked, konserter, dans, gamalost-frukost og mykje lokal kultur.

Les meir her

Balestrand Badeklubb Festival

Balestrand Badeklubb Festival er ein musikkfestival i Balestrand som starta som ein dagsfestival i august 2022, og som no har vakse til ei full festivalhelg med større program og meir moro.

Les meir her til nettside.

Målrock

Målrock er ein årleg musikkfestival i Årdal med fokus på pop og rock framført på dialekt, nynorsk eller norsk.

Les meir her

Bergtatt
festivalen

Bergtattfestivalen er ein musikk-, natur- og kulturfestival i Luster, som første gong blei holdt i 2019. Festivalen er første helga i juli og tilbyr konsertar, kunstnariske innslag og eit variert program spreidd over fleire scener i naturskjønne omgjevnader.

Les meir her

Sognefjord trailrun

Gamalostfestivalen i Vik feirar den tradisjonsrike osten Gamalost. Festivalen skjer kvart år første helga i juni, med marked, konserter, dans, gamalost-frukost og mykje lokal kultur.

Les meir her

Lerumcup

Lerum Cup i Sogndal er ein av dei største fotballturneringane for barn og unge i landet. Turneringa går kvar sommar i slutten av juni og samlar over 4 000 deltakarar til kampar, aktivitetar og ei helg full av fotballglede.

Les meir her

Haust

Oktoberfest

Oktoberfest Sogndal blir arrangert siste helga i september på Stedje Camping, der store partytelt, sceneunderhaldning, matservering og bar skapar ei heidundrande helg for fleire hundre deltakarar. Etter suksess på Leikanger og ein strålande debut i Sogndal i 2024, er festivalen klar for ny folkefest i 2025.

Les meir her

Driftweek

Sogn Motorsportklubb arrangerer kvart år eit drift-stevne på Kaupanger den første helga i oktober, med rundt 30 bilar og førarar frå heile landet. Helga byr på fart, røyk og god stemning for publikum i alle aldrar, og har blitt eit høgdepunkt for bilmiljøet i regionen.

Les meir her

Teknologiveka

Teknologiveka i Årdal er ei veke med teknologi, innovasjon og berekraft — med foredrag, workshoppar og demoar om framtidas industri. Arrangementet samlar forskarar, gründerar, næringsliv og ungdom for å utforske nye løysingar og skape grøne arbeidsplassar.

Les meir her