Nettverk
I Sogn har vi fleire nettverk fordi det styrkjer samarbeid, utvikling og fellesskap i regionen.
Nokre nettverk er faglege og gir kompetanse og erfaringsdeling, medan andre er sosiale og bidreg til tilhøyrsle og gode møte mellom folk.
Sogn U40 - nettverk for unge
vaksne i sogn
Sogn U40 er eit nettverk av målretta unge som vil vere med å skape framtida i regionen. Vi skal bidra til og leggje til rette for utvikling, og skape sosiale møteplassar der nye relasjonar og samarbeid kan vekse.
Dei arrangere ulike møteplassar og har omtrent ett arrangement kva måned. Her kan du bli med på julebord, bedriftsbesøk, fjellturar, fotballkampar, sommarfester, cocktail kurs, spennande foredrag og masse meir
Trykk her for å lese meir om Sogn U40
While1Create - nettverk for utviklare
While1Create er eit nettverk for personar med interesse for IT, koding, teknologisk innovasjon og entreprenørskap. Det er ein sosial og fagleg møteplass som bidreg til utvikling og samarbeid i regionen Sogn.
Med to årlege samlingar hjå ulike verksemder tilbyr nettverket faglege føredrag og sosial mingling. Det er opent for alle som ønskjer å bli ein del av det teknologiske miljøet i Sogn.