Finn din plass

Vi har gode samband både austover og vestover, så du vil ikkje bli gløymd frå omverda om du flyttar hit. Det er òg overkomelege avstandar mellom dei seks kommunane våre, så du kan fint bu i ein kommune og jobbe i ein annan.

Fargane i kartet viser deg kva kommune dei ulike bygdane ligg i. Dei grå tala viser køyretid mellom plassane.

Velkomen til eit køfritt (og litt fjordete) samfunn!

Vi pleier å seie at regionen vår liknar litt på Londons undergrunnskart, ikkje fordi vi har eit subwaysystem, men fordi det er overraskande enkelt å komme seg rundt mellom bygdane med bil, buss og båt.

Fjorden er ei naturleg ferdselsåre, og før du veit ordet av det kan du ferjerutene utanåt. Inne i bygdene kjem du deg lett fram til alt du treng ved å gå eller sykle.

Vi har også flyplass på Kaupanger, som gjer at vi berre er rundt 50 minutt unna både Oslo og Bergen.

Kart over Sogn i T-banestil med reisetider mellom bygdene

Neste stasjon

Nysgjerrig på Sogn?

Vel kva du lurer på, så hjelper vi i Sogn Næring deg å kome i kontakt med rette folk og miljø.

Du er her
Sogn Næring Byt herVi sender deg vidare til rette folk og miljø
Sogndal Luster Årdal Lærdal Aurland Vik