Bu og besøke

Du vel ikkje mellom karriere og livsstil når du flyttar til Sogn.

Du får begge deler.

Uansett om du har tenkt å vere her eit knapt eit år eller resten av livet: Velkomen!

Det er mange som deg her.

Uansett om du har tenkt å vere her eit knapt eit år eller resten av livet: Velkomen! Det er mange som deg her.

 

I Sogn kan du leva ein annan livsstil enn i byen. Ein rural idyll på vestlandet med fagre fjell og fjord og tronge vik, i kommunar som er kåra til å vera blant landets beste i rangering av økonomiske prestasjonar og rammevilkår for næringslivet (kommune-NM 2021).

Du vel ikkje mellom karriere og livsstil når du flyttar til Sogn. Du får begge deler.

I Sogn kan du starta dagen på kontoret og nyta ettermiddagen. Rusle ein ettermiddagstur langs fjorden, eller nyt Sognefjorden frå sykkelsetet på grus eller sti. Du rekk til og med ein ettermiddagstur på fjorden når du i Sogn bur tett attmed han. Ta fram kajakken eller SUPen. Er snøen komen? Finn fram hovudlykta og toppturskia og kos deg i laussnøen – eller kanskje ein trugetur under stjernehimmelen fristar meir? Valet er ditt.

Arbeidsplassen din er fleksibel, du får fridomen og utfordringane du søkjer. Du kan jobba med forsking og utvikling, med teknologi og programmering, med rådgjeving og planlegging. Arbeidsgjevaren din er stat, kommune eller privat næringsliv. Du kan starta eiga verksemd eller til og med ta med deg jobben du allereie har. I Sogn er det fleire opne kunskapsmiljø og kontorfellesskap med nyskapande gründerar og folk som jobbar remote.

Me kan lova deg at du kjem til å finna andre likesinna med dei same verdiane og interessene du har, om det er naturopplevingar i særklasse, quiz, trekkespelklubb, eller kanskje litt av alt. Og meir til.

Sogn er på mange måtar sameleis som å bu mange andre stadar, det er berre litt færre folk du ikkje kjenner her.

Friluftslivet i Sogn

Vel møtt til skattkammeret!

Det er her i Sogn du finn alt. Turmulegheitane startar ofte rett utanfor di eiga dør. Padle på fjorden, klatre i fjell, stå på ski, bade eller sykle. Eller kanskje du er ein av dei som er litt meir makeleg, dei som elskar flotte vandreturar høgt og lågt. Anten i alpine høgfjell med arktisk smak, eller frodige dalfører der alle vert små. Jostedalsbreen, Rallarvegen, Fiske i høgfjellsvatn. Tinderangling i Hurrungane. Blåis, teltliv, aurefiske.

Menyen er servert, du får den ikkje betre.

Det er lett å drive eit aktivt friluftsliv i Sogn, dei fleste som bur her har eit forhold til naturen. Nokon sterkare enn andre. Men slik er det vel alltid. Fjord, fjell, skog eller snø. Sogn har dei beste føresetnadene til å gi deg ei friluftsliv av høgste kvalitet.

Her er så mykje, det er ditt val. Du vil bli fornøgd. Kom og leik med oss!

Test Sogn ein sommar gjennom sommarjobb

Litt usikker på hvordan det faktisk er å bu i Sogn. Nå har du muligheten til å teste gjennom Sognacamp. Campen er ei unik sommaroppleving der du kombinerer ein spennande sommarjobb med aktivitetar i verdas vakraste natur, og blir ein del av eit inkluderande fellesskap som gir minner for livet.

Som deltakere på Sognacamp får du ein spennande jobb på dagtid og på kveldar og helga ventar eit variert program med aktivitetar. Her kan du bli med på alt frå afterwork og fjellturar til crossfit, morgonbading, klatring og mykje meir. Gjennom campen blir du kjent med andre sommarvikarar frå andre bedrifter i Sogn, og saman får de oppleve alt det Sogn har å by på. Vi legg opp til 2–3 aktivitetar i veka. Helgane brukar vi på dei større opplevingane, medan vekedagane byr på enkle og lågterskel aktivitetar det er lett å hive seg med på.