Karrierefestival

21. oktober 2026

Campus Sogndal

Om karrierefestivalen

Vi ynskjer å invitere til tidenes møteplass
for arbeidsgjevar og arbeidstakar

Høgskulen på Vestlandet, linjeforeningane, Saman, Framtidsfylket Vestland og Sogn Næring har gått saman for å lage ein møteplass mellom studentar ved Campus Sogndal og offentleg- og privat verksemder i Sogn og nærkommunane. Målet er å verte kjend, bygge relasjonar og utforske moglegheiter for framtidig samarbeid og rekruttering.

Ingen ledige stillingar?

Fokuset ved ein slik dag er ikkje berre på å syne eventuelle ledige stillingar, men på å bygge relasjonar og styrke arbeidsgivarprofilen hos framtidas kompetanse.

Føredrag

Stands

Workshops

Bedriftspitch

Konsert

Konsert med Look Out Louie

For fjerde året på rad skal ein ung vestlandsartist spela på alle campusane våre. I år er det tidlegare HVL-student Even Engevik, betre kjend som Look Out Louie, som tek turen. I Sogndal spelar han på Meieriet som ein del av karrierefestivalen.

Look Out Louie byggjer på ærlege tekstar, sofistikerte melodiar og eit organisk gitardriv. Musikken ligg i landskapet mellom indierock og powerpop, med nikk til The Kooks, Big Star og Sondre Lerche. Debutsingelen «November Nights» vart følgd opp av ein energisk konsert på 100 Dagar i vår, og på campusturnéen får vi høyre songar frå den komande plata.

Mykje av låtkatalogen vart til i studietida, og fleire av songane spring ut av kvardagen i Bergen.

«Medan eg budde rett ved høgskulen, skreiv eg ein låt om ein viss nabo som kasta ein brustein gjennom soveromsvindauget mitt ein kald januarmorgon i fjor. Den kjem sjølvsagt på setlista», seier han.

Program

Program

Gjennom dagen kan du møte bedrifter og organisasjonar på stands i kantina. Mellom kl. 10 og 16 blir det føredrag, karriereaktivitetar, workshops og møte med studentorganisasjonar. På kvelden flyttar festivalen til Meieriet.

Campus Sogndal · 21. oktober 2026
10:00

Opning og velkomst

10:10–15:50

Bedriftsstandar

Møt verksemder, kommunar og andre aktørar. Bli kjend med karrieremoglegheitene i Sogn, bygg nettverk og slå av ein prat med potensielle arbeidsgjevarar.

10:10–10:50

Tre føredrag, vel det som interesserer deg mest.

Ingen bryr seg om karrieren din før du gjer det

Fredrik Fornes

Fredrik er kjend for å utfordre etablerte sanningar om arbeidsliv og karriere. Med humor og alvor avslører han sjokkerande historier om paradoks i norsk arbeidsliv.

Sognefjorden · Fossbygget, 3. etasje
Klinkande uklart

Linda Eide

Det moderne samfunnet treng ein skikkeleg språkvask, og Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst mange lattervekkjande og pedagogiske eksempel.

Josten · Høgskulebygget, 1. etasje
Ulikskapar som styrke

Tanja Bø Uggerud

Med humor og varme gjev Tanja døme på kva du kan venta i arbeidslivet, og korleis du kan bidra til ein arbeidsplass der ein ser kvarandre, heiar på kvarandre og får fram det beste i kvarandre.

Storen · Høgskulebygget, 2. etasje
11:00–12:30

Utforsk ulike fagområde, møt arbeidslivet og få konkrete tips til karrierevegen vidare.

Berre blåbær

YGGA · Stein Joar

Stein Joar tek deg med på ein «bærtur» der han deler forsking om kvifor svingingar i bærproduksjonen oppstår, og om vi faktisk kan redde framtida til blåbæret og tyttebæret.

Ålfoten · Høgskulebygget, 1. etasje
To føredrag: Kompetanse mot seksuelle overgrep og livsmeistring

Lærarstudentane · Nok. Sogn og Fjordane

Kompetanse mot seksuelle overgrep: Nok. Sogn og Fjordane.

Livsmeistring, robuste barn og unge: Marte K. Krogstadmo.

Stad · Høgskulebygget, 2. etasje
Økonomidagen

Handelshøgskulen

Høyr verksemder pitche kva dei driv med, kva dei ser etter og kvifor du skal velje å jobbe hos dei. Her kjem bedrifter som er aktuelle for studentar på Handelshøgskulen, og etterpå stiller dei på stand.

Storen · Høgskulebygget, 2. etasje
Skap din eigen arbeidsplass

HVL Skape · Alle fagområde

Har du lurt på korleis det er å starte noko eige, men ikkje veit kor du skal byrje? I denne workshopen får du ein smakebit på gründerreisa. Gjennom designtenking og leikne, kreative øvingar tek du ein idé frå start til slutt på 75 minutt.

Mølla · Fossbygget, 3. etasje
Tverrfagleg samarbeid og forsking med beina i praksis

Velferd og deltaking / FO-studentane

Tverrfagleg samarbeid – vernepleiar i barnevernet: Daniel Fagerdal frå Sogndal kommune fortel om tverrfagleg samarbeid og rolla til vernepleiaren i barnevernet.

Forsking med beina i praksis: Presentasjon av fleire prosjekt frå barnevern og vernepleie som er godt forankra i praksis. Innovasjon og karriere innan barnevern og vernepleie er ein raud tråd gjennom presentasjonane, som blir avslutta med ein open dialog.

Hild 1 · Bragebygget, 1. etasje
Møt arbeidsfeltet

Idrett og friluftsliv

Møt arbeidsfeltet og få innsikt i kva eigenskapar og kvalitetar dei meiner er viktige for studentane i karrierevala deira seinare.

Hild 2 · Bragebygget, 1. etasje
Bygg nettverk og presenter kompetansen din!

Saman Karriere · Sigrid Isdal

Bli betre kjend med eigne styrkar, lær å bruke LinkedIn, forstå verdien av nettverk og få praktisk trening til jobbintervjuet.

Biblioteket · Høgskulebygget, 4. etasje
12:00

Lunsj og standområde

Ta turen innom standane og bli betre kjend med verksemdene. Du finn lunsj i kantina i Høgskulebygget, kaffibaren i Stadionbygget og servering utanfor Bragebygget.

Studentar med festivalband får gratis lunsj, sponsa av Asplan Viak. Vis bandet ditt og hent ein briks og eit glas saft i kantina.

14:10–14:50

Vel mellom tre føredrag om arbeidsliv, språk og karriere.

Ingen bryr seg om karrieren din før du gjer det

Fredrik Fornes

Fredrik avslører sjokkerande historier om paradoks i norsk arbeidsliv, med humor og alvor.

Sognefjorden · Fossbygget, 3. etasje
Klinkande uklart

Linda Eide

Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst mange lattervekkjande og pedagogiske eksempel.

Josten · Høgskulebygget, 1. etasje
Frå California og Oslo til Lærdal og Luster

Hege Skogen og Alexander Zwart

Kva om den rette jobben ikkje finst enno, men er noko du må skape sjølv? Møt Hege og Alexander, som på kvar sin måte har gått eigne vegar og forma sin eigen arbeidskvardag.

Storen · Høgskulebygget, 2. etasje
15:00–15:50

Vel ein aktivitet og få inspirasjon, fagleg påfyll og nye perspektiv på arbeidslivet.

KI for alle

Nathaniel Stødle

Kvifor vert KI-svar så generiske, og kva kan du gjera med det? Ei praktisk og interaktiv økt for deg som vil bruka KI smartare, heilt utan forkunnskapar. Nathaniel har vore student ved HVL tidlegare og har no starta eiga bedrift. Han kjem for å dele erfaringar om bruk av KI.

Biblioteket · Høgskulebygget, 4. etasje
Norconsult. Design, miljø og natur

Norconsult

Norconsult Sogndal presenterer verksemda si og fortel om kva kompetanse dei ser etter. Du får innblikk i relevante prosjekt og arbeidsoppgåver, og korleis studentar innan miljø- og naturfag kan bruke kompetansen sin i arbeidslivet.

Ålfoten · Høgskulebygget, 1. etasje
Utan karriereplan, men med kompass

Inger Marie Einan · Barnehage

Inger deler ei karrierereise som aldri var planlagd, om val og moglegheitene undervegs, og om korleis eit tydeleg verdikompass med barnet i sentrum har følgt henne gjennom heile yrkeslivet, frå barnehagelærarstudent på HVL til toppleiar i barnehagesektoren.

Stad · Høgskulebygget, 2. etasje
Skap din eigen arbeidsplass

HVL Skape · EMLIS og ØKS

Har du lurt på korleis det er å starte noko eige, men ikkje veit kor du skal byrje? I denne workshopen får du ein smakebit på gründerreisa. Gjennom designtenking og leikne, kreative øvingar tek du ein idé frå start til slutt.

Mølla · Fossbygget, 3. etasje
Grønlandsdraumen – eventyret om ein beinlaus ekspedisjon

Asplan Viak · Tord Are Meisterplass

Tord Are Meisterplass blei lam etter ei skiulykke, men det stoppa ikkje ekspedisjonsdraumen. Han fortel om førebuingane, ekspedisjonen og korleis han møter motgang.

Hild 2 · Bragebygget, 1. etasje (rom må avklarast)
Erfaring og refleksjon frå arbeidslivet etter ferdig idrettsutdanning

Idrett og friluftsliv

Hedda Romberg (15:50–15:56), Ingrid Emilie Aarflot (15:56–16:02), Julia Levin (16:02–16:08) og Anton Sekkingstad (16:08–16:14).

Hild 2 · Bragebygget, 1. etasje (rom og sluttid må avklarast)
15:50

Avslutning av dagprogrammet

Meieriet · 21. oktober 2026
18:00

Dørene opnar

Studentar og verksemder møtest på Meieriet for å fortsetje praten om dagen som har vore.

18:30

Pitche-timen

10 verksemder pitchar kva som er kjekt med å jobbe akkurat hos dei, og i deira kommune.

19:30

Quiz og bazar

Har du følgt godt med på karrieredagen, har du gode moglegheiter til å vinne denne quizen. Vi trekkjer også vinnarar blant alle som har samla lodd på standane.

Etter quiz

Mingling

Hald fram dei gode samtalane fram til konserten startar.

21:00

Konsert med Look Out Louie

Den tidlegare HVL-studenten Even Engevik byr på indierock og powerpop når han tek turen til Meieriet som ein del av årets campusturné.

23:00

Dørene lukkar

Vi håpar du har stifta nye bekjentskap, fått inspirasjon til karrieren din etter studia, fått idear til bacheloroppgåve eller kanskje funne draumejobben eller sommarjobben. Vi ønskjer deg ei god natt!

Bli kjend med føredragshaldarane:

Fredrik Fornes er føredragshaldar, arbeidsliv-influenser, TEDx speaker, seriegründer og bestselgende forfatter. Han har blitt kjend for å utfordre etablerte sanningar om arbeidsliv, rekruttering og karriere.

Fredrik kjem til Sogndal for å fortelje om paradoksa i norsk arbeidsliv. Eit føredrag som med ei blanding av humor og alvor avslører sjokkerande, ekte historier om fire store paradoks i norsk arbeidsliv, om unge som ikkje får erfaring, gravide som ikkje er ønskte, stillingsannonsar frå 1958 og arbeidstakarar som blir stempla som utdaterte allereie ved 50.

Fredrik Fornes

Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand, uklarheit, irritasjon og apati? Og kva skal til for å skriva og snakka eit begripleg språk, tilpassa målgruppa.

Humørfylt, men med ein alvorleg undertone, syner Linda Eide fram kva eit klart språk faktisk er, og kva som må til for å gjera informasjon og formidling meir forståeleg og engasjerande. 

Det moderne samfunnet treng ein skikkeleg språkvask og Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattervekkande og pedagogiske eksempel.

Linda Eide

“Ein møteplass mellom student og bedrift gjorde at eg skaffa meg ein praksisplass, som vidare førte til en deltidsstilling. No jobbar eg 100% i same bedrift, og eg trur ikkje eg hadde fått den moglegheita om eg ikkje hadde møtt dei der den dagen”

- Tidligare student, HVL Campus Sogndal

Gode grunner for at di
bedrift skal delta

  1. Eit direkte møte med framtidas kompetanse

  2. Synleggjering av bedrifta

  3. Kostnadsfri påmelding for 2026

  4. Vere med å styrke rekruttering til Sogn & omegn

  5. Fagleg påfyll i form av føredrag og workshops

  6. God stemning

I 2026 er arrangementet
GRATIS for bedrifter.

Påmeldinga er no stengd for i år.

PS!

Det vil vere ein bedriftspitch på kveldstid på Meieriet, der målgruppa er alle studentar (påmelding i skjemaet).

Handelshøgskulen, marknadsføring og reiseliv , samt idrettsutdanning, har pitch óg som ein del av karriereretta aktivitet på dagtid.

Om bedriften din ynskjer å høyre meir om moglegheita for å vere med på det, ta kontakt med:

Idrett: Ellen Eimhjellen Blom ,
ellen.blom@hvl.no  

Handelshøgskulen og reiseliv: Øyvnd Stokkenes Eliassen, Oyvind.Stokkenes.Eliassen@hvl.no