Aurland kommune

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Vi ønsker å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Vi er om lag 1860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen, Bakka og Vassbygdi.

Tel.: 576 32 900
E-post:
postmottak@aurland.kommune.no
Facebook:
/Aurland-kommune

Reiseliv, landbruk og kommunale tjenester

Dei fleste her jobbar i reiselivet, i kommunen, i landbruket eller i industri og kraft. Fordi reiselivet satsar på heile året, blir det stadig lyst ut faste stillingar, ikkje berre sesongjobbar. Kommunen lyser også jamleg ut stillingar.

Ønsker du vite meir om korleis det er å bu og arbeide i Aurland kommune ta gjerne kontakt med oss i kommunen. Vi kan setje deg i kontakt med lokale grendalag og organisasjonar – og vi spanderar gjerne ein kaffi om du ønsker eit møte med oss.

Største bedrifter

  • Flåmsbana AS

  • Flåm Zipline AS

  • Aurland Hamnevesen KF

  • Norway’s Best

Graf: Kva jobbar folk med i Aurland?

Sjå flere fakta om Aurland hos SSB.

Det skjer mykje forskjellig

Vi har mellom anna mange festivaler i fleire av kommunane våre, heile året. Musikk, friluftsliv, mat og mykje meir.

Få ein oversikt her.

Noko du ønskjer å
vite meir om i Aurland?

Kanskje du lurer på kva skuler som finnst her, eller korleis helsetilbodet er. Kanskje du treng ny bolig, eller ønskjer å bygge deg hus.

Du finn mykje på aurland.kommune.no - eller sjekk ut linkene til venstre.