Ho vil flytte til Sogn - no manglar berre jobben
Sigri Bakken Sperstad (30) og mannen er klare for eit nytt liv i Sogn. Jobben til mannen er på plass i Gaupne, og planane for framtida er tydelege. No håpar ho ein arbeidsgivar i regionen ser moglegheitene.
– Vi er begge svært glad i friluftsliv, og mannen min er frå Vik. Difor vert Sogndal ein naturleg plass å busetja seg, fortel ho.
Sterk forskingsbakgrunn
Sigri kjem opphavleg frå Skjåk, men har dei siste ti åra budd i Trondheim. Der har ho teke bachelor i biologi og master i molekylær medisin ved NTNU, før ho gjekk vidare til jobb i SINTEF Industri.
I dag jobbar ho med forsking innan bioteknologi og nanomedisin, med prosjekt som spenner frå kreftmedisin og antibiotikaresistens til fiskehelse.
– Eg jobbar med planlegging og gjennomføring av forsøk, behandling av store datasett og tolking og rapportering av resultat. Det er ein variert og spennande arbeidskvardag, seier ho.
Open for nye moglegheiter
Sjølv om ho har ein spesialisert bakgrunn, er ho open for å bruke kompetansen sin på nye område.
– Eg har eit breitt interessefelt, og det viktigaste for meg er å ha ein jobb der eg kan utvikle meg vidare og lære noko nytt. Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer er også viktig, seier ho.
Gjennom arbeidet sitt har ho opparbeidd seg solid erfaring med prosjektarbeid, strukturert arbeid og handtering av store datamengder. Ho trekk fram evna til å jobbe systematisk og løysingsorientert som ein styrke, eigenskapar ho meiner er relevante i mange typar jobbar.
Møter ei kjend utfordring
Trass i solid kompetanse har vegen til jobb i regionen vore krevjande.
– Arbeidet mitt er ganske spesialisert. Sjølv om eg er open for å jobbe med noko nytt, har det vore vanskeleg å bli oppfatta som ein relevant kandidat, forklarar ho.
Dette er ei utfordring fleire som ønskjer å flytte til distrikta kjenner seg att i, kompetansen finst, men koplinga til arbeidslivet lokalt manglar.
Klar for å bidra
Sigri legg ikkje skjul på at ho er motivert for å komme i gang.
– Ein arbeidsgivar kan forvente ein sosial, omgjengeleg og hardtarbeidande medarbeidar. Eg tek gjerne ansvar og jobbar sjølvstendig, men trivst også godt i samarbeid med andre, seier ho.
Klar for livet i Sogn
For Sigri og familien handlar flyttinga om meir enn jobb.
– Eg ser føre meg eit liv med kvardagsfriluftsliv i fantastisk natur, ski om vinteren og fjellturar om sommaren. Og ikkje minst å gi ungane ein trygg og god oppvekst på bygda, slik vi sjølve har hatt.
Alt ligg til rette for flytting, bortsett frå éin ting.
– Eg har tre månadar oppseiingsfrist, så vi kunne flytta ganske raskt etter sommarferien dersom den rette jobben dukkar opp, seier ho.
Har di bedrift behov for kompetansen til Sigri, eller kjenner til nokon som gjer det? Ta kontakt med post@sognnaring.no