Spennande stillingsutlysing: Vil du vera med å løfte Sogndal Fotball vidare?
Sogndal Fotball er på jakt etter ein relasjonssterk og handlekraftig sals- og marknadsansvarleg. Stillinga er sentral i klubben si vidare utvikling, og no ønskjer dei å styrke arbeidet med sal, partnarskap og synlegheit.
Me tok ein prat med konstituert dagleg leiar Ingrid Narum for å høyre meir om rolla og kva dei ser etter.
Ei nøkkelrolle i klubben
– Dette er ei nøkkelrolle i den vidare utviklinga av klubben. Me ønskjer å styrke det kommersielle arbeidet og skape vekst gjennom både nye og eksisterande samarbeid, fortel Narum.
Som sals- og marknadsansvarleg får du eit heilskapleg ansvar for å utvikle og levere på klubben sitt kommersielle arbeid. Du vil jobbe tett på både kommunikasjon, arrangement og forretningsutvikling.
Ser etter ein som får ting til å skje
– Me ser etter ein relasjonssterk og handlekraftig person som trivst med sal, byggjer nettverk og evnar å få ting heilt i mål, seier ho.
Ein viktig del av jobben er å drive aktivt og oppsøkjande sal, og å etablere samarbeid som skapar verdi, både for klubben og for partnarane. Du må trivast med å jobbe målretta med salsaktivitet, relasjonsbygging og lukking av avtalar.
Tett samarbeid med næringslivet
Sogndal Fotball har eit tett samarbeid med næringslivet i regionen, og dette er heilt avgjerande for vidare utvikling.
– Samarbeidet med næringslivet er heilt sentralt for oss. Det er saman med dei me byggjer eit berekraftig fundament rundt klubben og skapar moglegheiter vidare, seier Narum.
Meir enn ein vanleg jobb
Å jobbe i Sogndal Fotball handlar om meir enn arbeidsoppgåver og resultat.
– Du får vere ein del av noko som betyr mykje for mange. Her jobbar du tett på både idrett og næringsliv i ein klubb med sterk lokal forankring og stor vilje til å utvikle seg vidare, fortel ho.
Kva inneber rolla?
Aktivt sal mot nye og eksisterande samarbeidspartnarar
Utvikle og følgje opp sponsor- og partnaravtalar
Strukturere og selje kommersielle rettar
Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar og kampanjar
Bidra til gode opplevingar for publikum og partnarar
Samarbeide tett med kommunikasjon
Ansvar for sals- og inntektsmål
Klar for å søkje?
– Har du lyst til å vere med og påverke utviklinga av klubben og skape verdiar saman med sterke lokale aktørar, så håpar me du tek kontakt, seier Narum.
Søknadsfrist: 15. april 2026
Søknad og CV sendast til: ingrid.narum@sogndalfotball.no
Søknader blir vurderte fortløpande
Kontakt:
Ingrid Narum, konst. dagleg leiar
Tlf. 926 01 421