Luster kommune
Luster kommune ligg i Vestland fylke, og er kjend for sin imponerande natur med høge fjell og djupe fjordar. Gaupne er kommunesenteret.
Tel.: 57 68 55 00
E-post: postmottak@luster.kommune.no
Facebook: /Luster-kommune
Kraft, landbruk og industri
Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Ledige stillinger finn du her.
Jordbruk har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i kommunen med kjøt og mjølkeproduksjon. Det har vore generasjonsskifte på mange gardar dei siste åra og ei stor satsing på moderne framtidsretta driftsbygningar. I dag er Luster den største sauekommunen i Sogn og Fjordane, og det er og 11 fjøsar med robotmjølkeanlegg. Fruktdyrkinga har minka, men til gjengjeld har jordbær og særleg bringebærproduksjonen vorte ein betydeleg produksjon. Luster er i dag ein av dei kommunane som leverer mest bringebær i landet.
Næringslivet i Luster er breitt samansett, med ein sterk kombinasjon av vasskraft, landbruk, industri og reiseliv. Kraftproduksjonen er ein berebjelke i kommunen, og Luster er blant dei største kraftkommunane i landet med store anlegg, fallrettar og mange arbeidsplassar knytt til sektoren.
Landbruket står støtt med husdyrhald, frukt, bær og skogbruk, og fleire gardar satsar på modernisering og vidareforedling. Industrien er i utvikling, med verksemder som produserer både for nasjonale og internasjonale marknader, og kommunen har tilrettelagde næringsområde for vidare vekst.
Reiselivet er ein viktig motor, løfta fram av Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen, fjordlandskapet og kulturminne som Urnes stavkyrkje. Variasjonen i næringslivet blir støtta av eit aktivt næringsfond som gir lån og tilskot til etablering og utvikling i kommunen.
Største bedrifter
For natur- og kulturinteresserte er Luster eit eldorado. Reiselivet er difor ei viktig næring, med godt utbygde hotell, gjesteheimar, pensjonat, campinganlegg og hytteutleige. Det er og mange verksemder som tilbyr spennande aktivitetar i naturen både på fjord, bre, fjell og elv.
Det er og stor produksjon av vasskraft i Luster kommune. Dei største anlegga er eigde av Statkraft (Jostedalen) og Hydro (Fortun), men det er etablert mange småkraftanlegg.
I Gaupne er det bygd opp fleire moderne verksemder innafor industriell næring. Største verksemda i kommunen er Avery Dennison NTP AS med 130 tilsette, som utviklar og produserer merke (transfers) for bekledning. I Gaupne finn ein og Luster Sparebank og handelssenteret Pyramiden. Luster satsar på å vere ein aktiv part i utviklinga av næringslivet i kommunen, og har lagt til rette med næringsareal. I tillegg kan etablerarane nyte godt av næringsfondet som er bygd opp etter dei mange og store kraftutbyggingane i kommunen.
Avery Dennison NTP
Luster Mekaniske Industri
Fjordglas
Digital Etikett
Graf: Kva jobbar folk med i Luster?
Det skjer mykje forskjellig
Vi har mellom anna mange festivaler i fleire av kommunane våre, heile året. Musikk, friluftsliv, mat og mykje meir.
Noko du ønskjer å
vite meir om i Luster?
Kanskje du lurer på kva skuler som finnst her, eller korleis helsetilbodet er. Kanskje du treng ny bolig, eller ønskjer å bygge deg hus.
Du finn mykje på luster.kommune.no - eller sjekk ut linkene til venstre.