Sogndal kommune

Mellom fjord, høgfjell og storslått natur, finn du Sogndal kommune med sine over 12 000 innbyggjarar (2025). Sogndal kommune består av dei tidlegare kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Tel.: 57 65 25 00
E-post:
postmottak@ sogndal.kommune.no
Facebook:
/Sogndal-kommune

Varehandel, forsking og akademia

Sogndal er regionsenteret i Sogn, med eit næringsliv som spenner frå forsking og offentleg forvaltning til industri, handel og reiseliv. Mange av arbeidsplassane er kompetansearbeidsplassar, og kommunen er vertskap for over 3 000 studentar kvart studieår.

Sogndal er kjend som saftbygda. Godt klima for frukt og bær har lagt grunnlaget for både landbruk og næringsmiddelindustri. På Kaupanger finn du det største industriområdet i kommunen, men også nokre av dei beste stisykkelløypene i Noreg. Her kan du gå rett frå arbeidsdagen og ut på stien.

Fjellet er aldri langt unna i Sogndal. Hodlekve skisenter ligg berre 15 minutt med bil frå sentrum, så ein ettermiddag i bakken er like naturleg som ein tur på butikken. I Balestrand, Fjærland og Sogndalsdalen er reiselivet ei viktig næring, med alt frå historiske hotell til bre og fjell.

Sjå Sogndal kommune sin stillingsportal for ledige stillingar. 

Største bedrifter

Sogndal kommune, Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Digitaliseringsdirektoratet, Innovasjon Norge, Høgskulen på Vestlandet, Lerum, Simas, Vestlandsforsking, m.m.

Sogndal kommune driv alle kommunale tenester innan helse og oppvekst.

Graf: Kva jobbar folk med i Sogndal?

Sjå flere fakta om Sogndal hos SSB.

Det skjer i Sogndal

Saftbygda har festival nesten heile året, frå toppturar og musikk til jazz ved fjorden. Her er nokre av høgdepunkta.

Få ein oversikt over kva som rører seg i heile regionen her.

Sognefjord Trail Run

Fjelløp med utsikt over majestetiske Sognefjorden, frå 13 km Skyrace til 45 km maraton – og eige løp for barna. Går av stabelen i Sogndal i slutten av august.

Les meir her

Balestrand Badeklubb Festival

Balestrand Badeklubb Festival er ein musikkfestival i Balestrand som starta som ein dagsfestival i august 2022, og som no har vakse til ei full festivalhelg med større program og meir moro.

Les meir her

Fjellsportfestivalen

Fjellsportfestivalen i Sogndal starta i 2008 og har sidan utvikla seg til ein av dei største vinterfestivalane i landet. Festivalen samlar friluftsfolk frå heile Norden til dagar fulle av toppturar, kurs, foredrag og livleg kveldsmiljø midt i Saftbygda.

Les meir her

Noko du ønskjer å
vite meir om i Sogndal?

Kanskje du lurer på kva skuler som finnst her, eller korleis helsetilbodet er. Kanskje du treng ny bolig, eller ønskjer å bygge deg hus.

Du finn mykje på sogndal.kommune.no - eller sjekk ut linkene til venstre.