Vik kommune
I hjartet av Sogn, mellom fjord og høgfjell og storslått natur, finn du Vik kommune med sine over 2500 innbyggjarar.
Tel.: 57 69 82 00
E-post: postmottak@vik.kommune.no
Facebook: /Vik-kommune
Vasskraft, landbruk og teknologi
Vik har eit variert næringsliv som er spreidd over heile kommunen, med ei rekkje større og mindre verksemder. Fleire av dei er høgkompetanse verksemder. Både vasskraft og landbruk står sterkt i kommunen vår, og i tillegg satsar vi på reiselivsnæringa.
Vik er ein av landets største bringebærkommunar og den største jordbærkommunen i fylket. Det einaste meieriet som produserer gamalost ligg i Vik.
Største bedrifter
Aust i kommunen ligg Fresvik Produkt, den einaste norske verksemda som produserer isolasjonspanel og dør/port til kjøle- og fryserom. Firda Settefiskanlegg Arnafjord er eit storsmoltanlegg for aure og er i stadig vekst.
I Vik finn ein også den største norske produsenten av baderomsmøblar, Linn Bad.
Highsoft AS har også hovudkontoret sitt i Vik. Firmaet er verdsleiande leverandør av JavaScript-verktøyet Highscharts, eit verktøy for visualisering av data på web.
Hjørnesteinsbedrifta VikØrsta er den største bidragsytaren for å oppnå nullvisjonen om å oppnå null skadde og drepte i trafikken med sine vegsikringsprodukt.
Graf: Kva jobbar folk med i Vik?
Det skjer i Vik
I Vik feirar vi både bær og ost – og musikken ved fjorden. Her er nokre av høgdepunkta gjennom året.
Få ein oversikt over kva som rører seg i heile regionen her.
Gamalostfestivalen
Gamalostfestivalen i Vik feirar den tradisjonsrike osten gamalost. Festivalen skjer kvart år første helga i juni, med marknad, konsertar, dans, gamalost-frukost og mykje lokal kultur.
Fres festival
Fres festival er ein musikkfestival i Fresvik som starta i 2005 og blir arrangert i slutten av juli. Festivalen byr på konsertar, fjordliv og sosial stemning midt i sommarbygda.
Bringebærfestivalen
Bringebærfestivalen i Vik blir arrangert kvar sommar i august og feirar bygda sine lange tradisjonar for bringebærdyrking med aktivitetar, lokal mat og god stemning.
Noko du ønskjer å
vite meir om i Vik?
Kanskje du lurer på kva skuler som finnst her, eller korleis helsetilbodet er. Kanskje du treng ny bolig, eller ønskjer å bygge deg hus.
Du finn mykje på vik.kommune.no - eller sjekk ut linkene til venstre.