Sirkla Ressurs søkjer administrasjons- og utviklingsleiar
Sirkla Ressurs på Kaupanger er i vekst og ser etter ein engasjert og løysingsorientert person som vil vere med og ta selskapet vidare. Stillinga kombinerer administrasjon, økonomi og utviklingsarbeid. Søknadsfristen er 28. oktober.
Eit selskap i vekst
Sirkla er eigd av SIMAS og leverer avfallshandtering, gjenvinning, transport, rådgiving og slam- og spyletenester til næringslivet i regionen, frå små lokale bedrifter til store entreprenørar og industri. Med nye tenesteområde og ambisjonar om vidare vekst treng dei ein som kan halde orden på det administrative og samtidig vere med og utvikle verksemda.
Kva inneber rolla?
Administrative oppgåver, dokumentasjon, avtalar og internkontroll
Kalkulering og pristilbod på oppdrag
Fakturering, budsjettering og økonomisk rapportering
Utvikle og forbetre rutinar, system og arbeidsprosessar
Delta i utviklingsprosjekt
Tett samarbeid med leiing, kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar
Bidra i den daglege drifta ved behov
Kven ser dei etter?
Sirkla ser etter deg som trivst med ansvar, likar å ha fleire ballar i lufta og ser heilskapen, men som ikkje er redd for å ta tak i dei praktiske oppgåvene. Relevant utdanning eller erfaring innan administrasjon, økonomi, leiing eller organisasjonsutvikling er ønskt, og du må ha førarkort klasse B. Erfaring frå transport, logistikk eller renovasjon er ein fordel.
Søknadsfrist: 28. oktober 2026
Stilling: Administrasjons- og utviklingsleiar, 100 % fast, Kaupanger
Søknad og CV sendast til: geir@sirkla.no
Kontakt: [Namn, tittel og telefon]
Kvardagen i Sirkla
Me tok ein prat med Ronja Bøe Øygard, som jobbar som marknadsansvarleg i Sirkla gjennom sitt eige selskap, BOEE Projects. Ho fortel om ein arbeidsplass med mykje ansvar, og om kvifor ho valde å kome heim til Sogn.
– Etter fleire år som student i Oslo og København er det ekstra kjekt å få moglegheita til å jobbe med spennande prosjekt heime i Sogn, fortel ho.
– Her får eg mykje ansvar, ein variert arbeidskvardag og stor tillit til å utvikle eigne idear. Det er spesielt motiverande å få bruke utdanninga mi til å bidra til utviklinga og synlegheita til ei lokal bedrift, seier Øygard.
Kort veg mellom folk
– Noko av det finaste med Sogn er kombinasjonen av eit godt næringsliv, eit inkluderande lokalsamfunn og naturen me har rett utanfor døra. Her er det kort veg mellom folk, og eg opplever at det er lettare å knyte kontaktar og få moglegheiter gjennom nettverket sitt, seier ho.
Klar for å søkje?
– Eg trur mange unge undervurderer kor mange spennande moglegheiter som faktisk finst i Sogn. Ein treng ikkje nødvendigvis flytte til dei største byane for å få utfordringar, ansvar og relevant arbeidserfaring, seier Øygard.