Innsikt i lokal saft- og siderkunst på Ølmheim
Elever fra restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule fekk nyleg eit lærerikt og smakfullt møte med siderproduksjon på Ølmheim. Med grundig og engasjerande rettleiing frå Endre Kleiveland fekk klassa følgje heile prosessen – frå eple i frukthagen til ferdig sider i glaset.
Sola skein over eplehagane då klassa kom til garden. Med utsikt over fjorden fekk elevane både omvising i frukthagen, produksjonslokala og kjellaren.
Endre tok dei gjennom alle stega i produksjonen: innhausting, pressing, gjæring, filtrering, tapping og lagring. Noko av sideren blir laga etter same metode som musserande vin frå Champagne, med annangongsgjæring på flaske og lagring på botnfallet. Det er ein kompleks prosess, men elevane fulgte spende med.
– Vi er veldig glade for at desse elevane kjem til oss og får kjennskap til lokal saft- og siderproduksjon. Dei er ein viktig del av regionen si framtid innan mat og drikke, seier Endre. Han driv Ølmheim Siderhage saman med kona si, Sigrid Ølmheim.
– Det er kjekt å kunne vise dei at vi produserer saft og sider berre ti minutt frå Sogndal, det verkar som det gjer litt inntrykk, legg han til.
Endre Kleiveland fortel om alle stega i produksjonen
Elevane Sofie Stølsbotten Hauglum og Sandra Fureli Johnsen seier sjølve at dei synest det er veldig spennande å få innsikt i heile prosessen, frå eit eple på treet til saft eller sider på flaske. Dei er òg opptekne av det lokale perspektivet:
– Det er veldig kult at vi har så mange gardar her i Sogn som lagar så mykje ulikt, med så mange forskjellige råvarer. Det er jo kjekt å sjå kor mykje godt eit lite område faktisk kan produsere!
Elevane Sofie Stølsbotten Hauglum (t.v.) og Sandra Fureli Johnsen