Samla og stolt

for Sogn

Bli ein av oss du òg!

Karriere

eller livsstil?

Du treng ikkje velgje!

Ta ein kjedeleg jobb for å kunne gå på topptur til kvelds? Ikkje i Sogn!

Her er du omringa av karrieremoglegheiter, nettverk og kompetanse. Du blir utfordra og heia på.

Og du finn garantert likesinna som treng naturen for ro og inspirasjon. Leikne, nyfikne og frie.


Velkommen heim!

På jakt etter jobb?

Alle ledige stillinger

Jobb for to?

Har du ein partnar som også er på jakt etter jobb i Sogn? I Noreg vert sju av ti stillingar aldri lyst ut …

Kontakt oss gjerne

Klar for ein vinter med Norges beste snø og skiterreng?

SeSogn er ein skifilm som tek deg med inn i vinteren slik vi kjenner han her, med snørike dalar, urørte fjellsider og eit miljø der lidenskap for snø står sterkt. Filmen viser kvifor Sogn er kjend for den beste snøen og det mest varierte skiterrenget i heile Noreg.

Filmen er skapt av lokale gründerar, dei same som står bak snowboardmerket Furberg, og viser kvifor Sogn er ein stad der du ikkje berre besøker vinteren, men lever han.

Det er lett å skjøne kvifor du skal flytta hit når du ser filmen.

Finn din plass

Vi har gode samband både austover og vestover, så du vil ikkje bli gløymd frå omverda når du bur her. Det er òg overkommelege avstandar mellom dei seks kommunane våre, så du kan fint bu i ein kommune og jobbe i ein anna.

Fargane i kartet viser deg kva kommune dei ulike bygdane ligg i. Dei grå tala viser køyretid mellom plassane.

Velkommen til eit kø-fritt (og litt fjordete) samfunn!

Det einaste vi manglar her er ein internasjonal flyplass
— Inngyggjar (34)